Don't Think Twice, It's All Right
Don't Think Twice, It's All Right Song av Bob Dylan frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan | ||
Utgjeve | August 1963 | |
Lengd | 3:40 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | John Hammond |
It ain't no use to sit and wonder why, babe
Bob Dylan
|
«Don't Think Twice, It's All Right» er ein song skriven av Bob Dylan i 1962 og gjeven ut på albumet The Freewheelin' Bob Dylan i 1963.
Songen vart skriven rundt tida då kjærasten til Dylan, Suze Rotolo, valde å verte verande i Italia. Melodien er basert på ein melodi som Dylan lærte av visesongaren Paul Clayton. I tillegg var eit par linjer teken frå Clayton sin «Who's Goin' to Buy You Ribbons When I'm Gone?» som han spelte inn i 1960, to år før Dylan skreiv «Don't Think Twice». Linjene som er teken frå Clayton sin song er «T'ain't no use to sit og wonder why, darlin'» og «So I'm walkin' down that long, lonesome road».
Den originale albumutgåva av songen er spelt med rask fingerplukking og somme spekulerer i om det kan vere Bruce Langhorne som spelar.[1] På konsertutgåver klimpra ofte Dylan på gitaren i staden, men framleis på ein rask måte.
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]«Don't Think Twice, It's All Right» er spelt av mange andre artistar, mellom andre Arnaldo Baptista, Cher, Johnny Cash, Davey Graham, Odetta, Rory Gallagher, Stone the Crows, Heinz, Elvis Presley, Burl Ives, Waylon Jennings, Flatt and Scruggs, Steve Young, Ramblin' Jack Elliott, Jerry Reed, Joan Baez, Doc Watson, Peter, Paul and Mary, The Waifs, Vonda Shepard, John Martyn, Metric, Elliott Smith, Billy Bragg, Nick Drake, Sandi Thom, Susan Tedeschi, Emily Haines, Susanna and the Magical Orchestra, Boris Grebensjtsjikov, Jackie Greene, Bryan Ferry, Wolfgang Ambros, Arlo Guthrie, Tristan Prettyman, Bree Sharp, Gavin Castleton, Folk By Association, O.A.R. med Matt Nathanson og Mike Ness, Social Distortion, Donavon Frankenreiter, John Anderson og Lenny Breau.
Peter, Paul and Mary gav songen ut på singel og han nådde 9. plass på den amerikanske singellista.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Don't Think Twice, It's All Right» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The freewheelin' Bruce Langhorne: A musician and master chef». The Independent. 1. april 2007. Henta 18. oktober 2009.
- Bob Dylan-songar
- Songar frå 1963
- Singlar frå 1965
- Cher-songar
- Johnny Cash-songar
- Odetta-songar
- Rory Gallagher-songar
- Elvis Presley-songar
- Burl Ives-songar
- Waylon Jennings-songar
- Flatt & Scruggs-songar
- Steve Young-songar
- Ramblin' Jack Elliott-songar
- Jerry Reed-songar
- Joan Baez-songar
- Peter, Paul and Mary-songar
- Vonda Shepard-songar
- John Martyn-songar
- Elliott Smith-songar
- Billy Bragg-songar
- Nick Drake-songar
- Bryan Ferry-songar
- Arlo Guthrie-songar
- John Anderson-songar
- Songar produserte av John Hammond
- Songar produserte av Albert Grossman
- Nummer-ein-singlar i Canada
- Warner Bros. Records-singlar
- Folkrock-songar
- Bluesrock-songar
- Jackie De Shannon-songar
- Bobby Darin-songar
- Trini Lopez-songar
- The Seekers-songar
- The Ivy League-songar
- Bobby Bare-songar
- The Four Seasons-songar
- José Feliciano-songar
- Bobby Goldsboro-songar
- Billy Paul-songar
- The Ventures-songar
- Brook Benton-songar
- Hugo Montenegro-songar
- Eric Clapton-songar
- Johnny Marr-songar
- Randy Travis-songar
- Ralph McTell-songar
- Dolly Parton-songar
- Merle Haggard-songar
- Willie Nelson-songar
- Glen Campbell-songar
- Duane Eddy-songar