Desperado av Eagles
Desperado Studioalbum av Eagles | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. april 1973[1] | |
Innspelt | 1973 i Island Studios, London, England[2] | |
Sjanger | Rock, countryrock, folkrock | |
Lengd | 35:40[1] | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Glyn Johns[2] | |
Eagles-kronologi | ||
---|---|---|
Eagles (1972) |
Desperado | On the Border (1974) |
Singlar frå Desperado | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Robert Christgau | C[4] |
Rolling Stone | [5] |
Desperado er det andre studioalbumet til det amerikanske bandet Eagles. Det vart spelt inn i Island Studios i London i Storbritannia og gjeve ut i 1973. Desperado er eit konseptalbum basert på tema frå Det ville vesten. Opphavleg arbeidde Don Henley, Glenn Frey, Jackson Browne, og J.D. Souther på ei rekkje songar om anti-heltar, men hadde ikkje fleire idear etter at dei hadde skrive «Doolin' Dalton» og «James Dean». Sistnemnde vart lagt på hylla og dei byrja i staden å skrive songar med temaet dei kom opp med i «Doolin' Dalton».[6]
Bandmedlemmane er avbilda på plateomslaget kledd som ein lovlaus gjeng. Desperado er det einaste Eagles-albumet der medlemmane i bandet er på framsida.
Sjølv om tittelsporet er ein av signaturlåtane til Eagles, vart han aldri gjeven ut på singel. Songen «Desperado» vart rangert på 494. plassen på lista til Rolling Stone frå 2004 over dei 500 beste songane gjennom tidene, men var falle ut av denne lista på den oppdaterte lista som kom i 2010. Albumet inneheldt to andre singlar: «Tequila Sunrise» og «Outlaw Man». Desse to nådde høvesvis 64. plassen og 59. plassen på singellista i USA. Sjølve albumet nådde 41. plassen på albumlista i USA og selde to millionar eksemplar.
Desperado var det siste albumet til Asylum Records som vart distribuert i Nord-Amerika av Atlantic Records, før Asylum i midten av 1973 vart slått saman med Elektra Records.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]AllMusic-skribenten William Ruhlmann hylla det at Henley var meir involvert på dette enn det førre albumet og skreiv at «det var både meir ambisiøst og seriøst enn føregangaren, men samstundes noko lettare og mindre konsistent.»[7]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokalist | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Doolin-Dalton» | Glenn Frey, J.D. Souther, Don Henley, Jackson Browne | Don Henley, Glenn Frey | 3:26 |
2. | «Twenty-One» | Bernie Leadon | Bernie Leadon | 2:11 |
3. | «Out of Control» | Henley, Frey, Tom Nixon | Glenn Frey | 3:04 |
4. | «Tequila Sunrise» | Henley, Frey | Glenn Frey | 2:52 |
5. | «Desperado» | Henley, Frey | Don Henley | 3:36 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokalist | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «Certain Kind of Fool» | Randy Meisner, Henley, Frey | Randy Meisner | 3:02 |
7. | «Doolin-Dalton (Instrumental)» | Frey, Souther, Henley, Browne | 0:48 | |
8. | «Outlaw Man» | David Blue | Glenn Frey | 3:34 |
9. | «Saturday Night» | Meisner, Henley, Frey, Leadon | Don Henley, Randy Meisner | 3:20 |
10. | «Bitter Creek» | Leadon | Bernie Leadon | 5:00 |
11. | «Doolin-Dalton / Desperado (Reprise)» | Frey, Souther, Henley, Browne | Don Henley | 4:50 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Glenn Frey – gitars, piano, elektrisk piano, munnspel, vokal
- Don Henley – trommer, akustisk gitar, vokal
- Bernie Leadon – gitarar, mandolin, banjo, dobro, vokal
- Randy Meisner – bassgitar, vokal
- Produksjon
- Glyn Johns – produsent, lydteknikar
- Howard Kilgour – assisterande lydteknikar
- Barry Diament – mastering
- Ted Jensen – remastering
- Jim Ed Norman – strykearrangement
- Gary Burden – design
- Henry Diltz – fotografi
Lister
[endre | endre wikiteksten]- Album
Liste (1973) | Plassering |
---|---|
US Billboard 200[8] | 41 |
Canada RPM 100 Album[9] | 35 |
UK (The Official Charts Company)[10] | 39 |
New Zealand (Top 50 Album)[11] | 40 |
- Singlar
- «Tequila Sunrise»/«Twenty-One» - utgjeve 17. april 1973
- «Outlaw Man»/«Certain Kind of Fool» - utgjeve 6. august 1973
År | Single | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1973 | «Outlaw Man» | Billboard Pop Singles | 59 |
1973 | «Tequila Sunrise» | Billboard Pop Singles | 64 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Desperado (Eagles album)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 William Ruhlmann. «Desperado - Eagles». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 17. august 2015.
- ↑ 2,0 2,1 Desperado (CD liner). Eagles. Asylum Records. 1973. 5068-2.
- ↑ Ruhlmann, William. «Desperado». Allmusic. Henta 17. august 2015.
- ↑ Christgau, Robert. «The Eagles: Desperado». Robert Christgau.com. Henta 17. august 2015.
- ↑ Brackett, Nathan; Hoard, Christian David (2004). Eagles. Simon and Schuster. Henta 26. august 2012.
- ↑ The Very Best of the Eagles (CD). Eagles. Warner Music Group. 2003. R2 73971.
- ↑ http://www.allmusic.com/album/desperado-mw0000193646
- ↑ «Desperado > Charts & Awards > Billboard Album». Allmusic. Henta 5. januar 2012.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 5. januar 2012.
- ↑ «Eagles - Desperado». Chart Stats. 24. april 1976. Henta 5. januar 2012.
- ↑ Steffen Hung. «Eagles - Desperado». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 5. januar 2012.