Cry Me a River
«Cry Me a River» | |
Låtskrivar | Arthur Hamilton |
---|---|
Publisert | 1953 |
«Cry Me a River» er ein populær amerikansk fakkelsong, skriven av Arthur Hamilton, først publisert i 1953 og gjort kjend i 1955 med ein versjon av Julie London.
Opphav og tidlege innspelingar
[endre | endre wikiteksten]Arthur Hamilton sa seinare om songen: «Eg hadde aldri høyrt uttrykket før. Eg likte berre kombinasjonen av orda.... I staden for 'Eat your heart out' eller 'I'll get even with you', høyrdest det ut som eit godt, smart svar til nokon som hadde såra kjenslene dine eller knust hjartet ditt.» Han var i utgangspunktet uroa for om lyttarane ville høyra ein referanse til «Crimea» (Krimhalvøya), snarare enn «..cry me a...», men sa at «å setja seg ned og spela melodien og komma opp med teksten gjorde det til eit ikkje-tema.»[1].
«Cry Me a River» vart opphavleg skriven for Ella Fitzgerald som ein bluesaktig jazzballade til å syngja i filmen Pete Kelly's Blues (gitt ut 1955). Ifølgje Hamilton hadde han og Julie London vore klassekameratar på vidaregåande skule, og ho kontakta han på vegner av mannen sin, Jack Webb, som var regissøren av filmen og leita etter nye songar å nytte. [2]. Etter at songen vart droppa frå filmen, gav Fitzgerald først ut versjonen sin på Clap Hands, Here Comes Charlie! i 1961. Songen vart òg tilboden til Peggy King, men Columbia Records A&R-sjefen Mitch Miller protesterte mot ordet «plebeian» i teksten.[3][4]
Songen vart første gong gitt ut av skodespelar og songar Julie London på Liberty Records i 1955, med Barney Kessel på gitar og Ray Leatherwood på bass.[5] London hadde vorte oppmoda til å spela inn songen av Bobby Troup, som ho seinare skulle gifta seg med etter skilsmissa frå Webb.[2] Ei framføring av songen av London i filmen The Girl Can't Help It frå 1956, bidrog til å gjera han til ein bestseljar (nådde nr. 9 i USA og nr. 22 på UK Singles Chart). Det vart ei gullplate og i 2016 vart han innlemma av Library of Congress i National Recording Registry.[6].
Kjende innspelingar
[endre | endre wikiteksten]Nokre kjende versjonar av songen er:
- Barbra Streisand (1963) den første songen på hennar første album, The Barbra Streisand Album.
- Marie Knight (1969) nummer 35 på Billboard R&B[7].
- Joe Cocker (liveversjon) (1970) nummer 11 på Billboard[8]
- Aerosmith (1982)
- Mari Wilson (1983) nummer 27 på UK Singles Chart[9] frå Showpeople.
- Denise Welch (1995) nummer 23 på UK Singles Chart[9].
- Elaine Paige (2004) for albumet hennar Centre Stage som nådde 35. plassen på UK Albums Chart[10]
- Merle Haggard gav ut ein uvanleg country versjon av songen på 2004-utgivinga si Unforgettable
- Rick Astley (2005) nummer 26 på UK Albums Chart for det 6. studioalbumet sitt Portrait'
- Michael Bublé (2009) nummer 34 på UK Singles Chart[9].
Julie London-versjonen dukkar òg opp i filmen V for Vendetta med Natalie Portman og John Hurt i hovudrollene.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cry Me a River» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ John Berlau, «Crying a River for Years», The Wall Street Journal, 15. desember 2010. Henta 14. mai 2023
- ↑ 2,0 2,1 «Billboard». 11. november 2000. Henta 14. mai 2023 – via Google Books.
- ↑ «PEGGY KING & ANDY KAHN - «Cry Me A River» at Metropolitan Room NYC 2-23-14». YouTube. Henta 14. mai 2023.
- ↑ Lang, Joe (June 2014). «Caught in the Act» (PDF). Jersey Jazz 42 (6): 46. Henta 28. juli 2019.
- ↑ Cary O'Dell, «"Cry Me a River»-Julie London (1955)«, Library of Congress. Henta 7. mars 2020
- ↑ «National Recording Registry Recognizes »Mack the Knife," Motown and Mahler». Loc.gov.
- ↑ Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-1995. Record Research. s. 253. ISBN 0-89820-115-2.
- ↑ «Joe Cocker». Billboard. Henta 14. mai 2023.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 «Cry Me a River». Official Charts Company.
- ↑ «Centre Stage». Official Charts Company. Henta 11. juni 2022.
- Songar om hjartesorg
- Songar om elvar
- Songar frå 1953
- Fakkelsongar
- Popballadar
- Julie London-songar
- Grammy Hall of Fame Award
- Songar skrivne av Arthur Hamilton
- Jazzstandardar frå 1950-åra
- United States National Recording Registry-innspelingar
- Ella Fitzgerald-songar
- Mari Wilson-songar
- Barbra Streisand-songar
- Joe Cocker-songar
- Aerosmith-songar
- Elaine Paige-songar
- Merle Haggard-songar
- Rick Astley-songar
- Michael Bublé-songar
- Dinah Washington-songar
- Shirley Bassey-songar
- Sam Cooke-songar
- Lesley Gore-songar
- Ray Charles-songar
- Skeeter Davis-songar
- Joan Baez-songar
- Crystal Gayle-songar
- Natalie Cole-songar
- Etta James-songar
- Diana Krall-songar
- Karin Krog-songar
- Olivia Newton-John-songar
- Linda Ronstadt-songar
- Rita Coolidge-songar
- Bobby Darin-songar
- Susan Boyle-songar
- Lisa Ekdahl-songar
- Jeff Beck-songar
- Bob Welch-songar
- Tina Arena-songar
- Milt Buckner-songar