Hopp til innhald

Changes av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Changes
Singel av David Bowie
frå albumet Hunky Dory
B-side

«Andy Warhol»

Utgjeve 7. januar 1972
Innspelt Trident Studios i London
sommaren 1971
Sjanger Kunstpop, glamrock
Lengd 3:33
Selskap RCA Records
2160
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie
David Bowie-kronologi 
«Hang On to Yourself»
(1971)
Changes «Starman»
(1972)


«Changes» er ein song av David Bowie, opphavleg gjeven ut på albumet Hunky Dory i desember 1971 og som singel i januar 1972. Trass i at han ikkje nådde Topp 40, vart «Changes» ein av dei mest kjende songane til Bowie. Teksten vert ofte rekna som eit manifest for den kamelonaktige personlegdomen hans, den seksuelle fleirtydinga hans og dei mange forskjellige musikalske retningane han følgde gjennom 1970-åra.[1] Singelen vert ofte rekna som den offisielle debuten til Bowie i Nord-Amerika, trass i at songen «The Man Who Sold the World» vart gjeven ut i Nord-Amerika to år tidlegare.[2] Dette var den siste songen Bowie framførte live på scenen før han trekte seg attende frå live-framføringa mot slutten av 2006.[3]

Singelen gjekk inn på UK Singles Chart for første gongen den 15. januar 2016 på ein 49. plass, veka etter at Bowie døydde.

Musikk og tekst

[endre | endre wikiteksten]

Strange fascination, fascinating me
Ah changes are taking the pace I'm going through

David Bowie (1971)

Bowie har sagt om songen at «han starta som ein parodi på ein nattklubbsong, ein slags bruk-og-kast».[4][5] Det musikalske arrangementet følgde saksofonen til Bowie, pianoet til Rick Wakeman og strykarane til Mick Ronson, medan det stammande refrenget er samanlikna med The Who.[6][7]

Teksten fokuserte på den store trongen ein kunstnar har til å fornye seg («Strange fascination, fascinating me / Changes are taking the pace I'm going through») og å distansere seg frå hovudstraumen i rocken («Look out, you rock 'n' rollers»).[1] Songen er òg tolka som å annonsere« moderne ungdom som ein ny rase»,[6] eit tema som går att på albumsporet «Oh! You Pretty Things». Platemeldinga i Rolling StoneHunky Dory kom ut meinte at «Changes» kunne «oppfattast som ein ung mann sitt forsøk på å tenkje ut korleis han vil reagere når det er hans tur til å vere på den vonde sida av generasjonsskiljet».[8]

Utgjeving og etterverknad

[endre | endre wikiteksten]

Bowie gjekk med på å la Peter Noone få spele ein versjon av «Oh! You Pretty Things», som mange seinare meinte var det opplagde singelvalet frå Hunky Dory,[6] «Changes» vart vald ut som singel i januar 1972. Som albumet fekk det god kritikk, men gjekk akkurat ikkje inn på listene i USA og Storbritannia.[6]

Songen vart spelt fast på konsertane til Bowie som Ziggy Stardust i 1972–73, og igjen på Diamond Dogs-turneen i 1974 og Station to Station-turneen i 1976. I følgje Bowie, «vart han eit monster som alle ropte etter på konsertane: 'Dye-vid, Dye-vid – do Changes!' Eg hadde inga aning om at han skulle verte så populær.»[5] I 2004 vart songen rangert på 127. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1972) Plassering
US Billboard Hot 100 66
US Cash Box Top 100 59
Liste (1975) Plassering
US Billboard Hot 100 41
US Cash Box Top 100 38
Liste (2016) Peak
position
Frankrike (SNEP)[9] 84
US Billboard Rock Songs 10
UK Singles Chart 49

Konsertversjonar

[endre | endre wikiteksten]
  • Bowie spelte songen for BBC-showet Johnny Walker Lunchtime Show den 22. mai 1972. Dette vart sendt tidleg i juni 1972 og gjeven ut på Bowie at the Beeb i 2000.
  • Eit konsertopptak frå Santa Monica Civic Auditorium den 20. oktober 1972 vart gjeven ut på Santa Monica '72. Denne versjonen finst òg på den japanske utgåva av RarestOneBowie.
  • Eit konsertopptak frå Boston Music Hall den 1. oktober 1972 vart gjeven ut på Sound and Vision-boksen. Denne versjonen vart òg gjeven ut på bonusplata til Aladdin Sane - 30th Anniversary Edition i 2003.
  • Eit konsertopptak frå Hammersmith Odeon i London, den 3. juli 1973 vart gjeven ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture i 1983.
  • Eit konsertopptak frå turneen til Bowie i 1974 kom ut på David Live. Denne versjonen er kjend for at Bowie syng teksten «children that you shit on» i staden for «spit on». Denne versjonen vart òg gjeven ut på albumet Rock Concert (Nederland 1979) og som B-sida til den spanske versjonen av singelen «Knock on Wood». Eit anna konsertopptak frå 1974 vart gjeven ut på A Portrait in Flesh (Australia 1996).
  • Eit konsertopptak frå 23. mars 1976 vart gjeve ut på Live Nassau Coliseum '76, ein del av 2010-utgåva av Station to Station.
  • Eit konsertopptak frå november 2003 frå A Reality Tour er med på A Reality Tour DVD, gjeve ut i 2004, og på konsertalbumet A Reality Tour i 2010.

Andre utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste hit-samlingane til Bowie har med «Changes», trass i at han ikkje nådde listene. Samleplatene Changesonebowie (1976), Changestwobowie (1981) og Changesbowie (1990) har alle henta titlane sine frå denne songen.

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

I populærkulturen

[endre | endre wikiteksten]
  • Linjene frå det andre verset i songen vart nytta i opninga av filmen The Breakfast Club frå 1985:
And these children that you spit on
As they try to change their worlds
Are immune to your consultations
They're quite aware of what they're going through...
  • Uttrykket «Strange fascination» vart nytta som tittelen på Bowie-biografien til David Buckley, som kom ut i 1999.
  • I Simpsons-episoden «It's A Mad, Mad, Mad, Mad Marge» i 2000 syng Homer sin eigen tekst til songen medan han arbeider under bilen sin: «Ch-ch-ch-changes! Time to change the oil! Changes! Don't want to be an oily man...»
  • I Flight of the Conchords-episoden «Bowie», gjorde duoen ein video av songen kalla «Bowie's in Space» der teksten gjekk «Hey Bowie - Do you have one really funky sequined spacesuit? Or do you have several Ch-changes?»
  • «Ch-Ch-Changes» er namnet på to fjernsynsepisodar som omhandlar kjønnskifteoperasjonar, ein i Popular og ein i CSI.
  • Songen finst i Shrek 2, sungen av Bowie og Butterfly Boucher.
  • Han vart nytta i den siste episoden av den britiske serien Life on Mars, som er kalla opp etter ein annan Bowie-song.
  • Lindsay Lohan song songen i filmen Confessions of a Teenage Drama Queen.
  • Songen vert nytta i fjernsynsserien Dexter, i episode 5 av sesong 3.
  • Den amerikanske fjernsynsserien Heroes hadde ein episode kalla «Turn and Face the Strange», ei linje frå refrenget. koral
  • Bowie-versjonen vart nytta i ein fjernsynsreklame for BMW sendt på Fox Broadcasting under Super Bowl XLV i 2011.[10]
  1. 1,0 1,1 Buckley, David (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story. s. 116. 
  2. "Watch that Man" by Tina Clarke, Music Express magazine, March 1990, page 9
  3. Gilmore, Mikal (2 February 2012), «How Ziggy Stardust Fell to Earth», Rolling Stone magazine (1149): 36–43, 68 
  4. Raggett, Ned. «Review of Changes». Allmusic. 
  5. 5,0 5,1 Loder, Kurt Loder; Bowie, David (1989). Sound and Vision: CD liner notes
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). Bowie: An Illustrated Record. s. 40–44. 
  7. Blake, Mark (ed.) (2007). "Future Legend", MOJO 60 Years of Bowie: s.74-75
  8. Mendelsohn, John (January 6, 1972). «Hunky Dory». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 14. desember 2006. Henta 1. mai 2011. 
  9. "Lescharts.com – David Bowie – Changes" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 17 January 2016.
  10. http://www.bowiewonderworld.com/bowienews/news.htm |accessdate=1. mai 2011

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]