Hopp til innhald

Bobby Graham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bobby Graham
Fødd11. mars 1940(1940-03-11)
FødestadEdmonton i North London i England
Død14. september 2009 (69 år)
DødsstadWelwyn Garden City, Hertfordshire, England
FødenamnRobert Francis Neate
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til 2009
InstrumentTrommer
Verka somStudiomusikar

Bobby Graham (11. mars 194014. september 2009) var ein engelsk trommeslagar og studiomusikar, komponist, arrangør og plateprodusent. Shel Talmy, som produerte The Kinks, David Bowie og The Who, skildra Graham som «den beste trommeslagaren Storbritannia nokon gong har skapt.»[1]

Graham var medlem av The Outlaws og arbeidde med Joe Meek tidleg i 1960-åra.[2] Han arbeidde med Joe Brown i 1961.[2] Graham var ein del av ein britisk elite av studiomusikarar (liknande amerikanske «Wrecking Crew») som bestod av artistar som Big Jim Sullivan, Vic Flick og Jimmy Page.

Graham spelte på 13 nummer-ein-singlar, inkludert av The Dave Clark Five, Englebert Humperdinck, Peter and Gordon, Jackie Trent, The Kinks, Tom Jones og Dusty Springfield, og hans pelte på i alt 40 britiske topp fem-hittar (ti av dei på andreplassen, fire på tredjeplassen, seks på fjerdeplassen og sju på femteplassen), 107 topp 50-hittar og låg totalt 1 155 dagar inne på lista. Han spelte med artistar som John Barry, Shirley Bassey, Joe Cocker, Billy Fury, Herman's Hermits, Benny Hill, Rod Stewart, Dave Berry, Joe Brown and The Bruvvers, Chubby Checker, Petula Clark, Brenda Lee, Lulu, Brian Poole & The Tremeloes, The Pretty Things, PJ Proby, Van Morrison, Them, The Walker Brothers og Marianne Faithfull.[3]

Graham turnerte òg i Storbritannia som trommeslagar i sitt eige jazzband.

Han døydde av magekreft den 14. september 2009.

Somme innspelingar

[endre | endre wikiteksten]

Graham har spelt på over 15 000 innspelingar,[4] inkludert:

  1. «UK’s king of trommer dies at 69». Express.co.uk. 15. september 2009. Henta 9. september 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Bobby Graham career». Bobbygraham.co.uk. Arkivert frå originalen 30. september 2011. Henta 9. september 2019. 
  3. «Kinks and Tom Jones drummer dies». BBC News. 17. september 2009. Henta 9. september 2019. 
  4. Herrington and Graham, The Session Man: The story of Bobby Graham, the UK's greatest session drummer, Broom House Publishing Limited, Monmouthshire, 2004 p 9
  5. Herrington, Patric and Bobby Graham, The Session Man: The Story of Bobby Graham, the UK's greatest session drummer, Broom House, Raglan, 2004, p. 129