Baron
Baron (norr. barrún, gjennom gfr. frå ghty. baro, 'fri mann, krigar' eller frå mellomalderlatin, avleidd frå vir, 'mann') er den lågaste høgadelege tittelen. Kvinner som har tittelen eller er gift med ein baron blir titulerte baronesse.
I 1277 vart dei to høgaste gradane i kongshirda, lendmann og skutilsvein, erstatta av dei felleseuropeiske titlane baron og riddar. Samstundes fekk baronane og riddarane ekstra privilegie, og retten til å bli tiltalt som herre (herra). Tittelen baron har blitt brukt på ulike måtar mellom anna i Noreg og Tyskland har sonar og yngre søsken til ein greve fått denne tittelen. Adelstittelen blei innført i Danmark-Noreg i 1671, då med rang under greve.
Tittelen har ofte same bruk som friherre. Rangen både baronar og friherrar har, blir kalla friherreleg stand. Det finst ei rangkrone for friherre/baron, men utforminga varierer i ulike land og tidsperiodar.
I korrekt skriftleg omtale blir tittelen plassert på dansk, norsk og tysk mellom for- og slektsnamnet, utan komma (Fornamn baron Slektsnamn). På svensk blir tittelen oftare plassert framfor namnet (baron Fornamn Slektsnamn).
Nokre kjende baronar
[endre | endre wikiteksten]- Baron von Münchhausen (eigentleg Hieronymus Freiherr von M.), tysk balladediktar
- Charles de Secondat, Baron de Montesquieu, fransk tenkar
- Pierre de Coubertin, grunnleggaren av dei moderne olympiske leikane)
- Friedrich de la Motte Fouqué (Baron Fouqué), tysk diktar
- Baron Philippe de Rothschild, vinmakar
- «Den raude baronen» Roter Baron (eigentleg Manfred Freiherr von Richthofen)
- Baron Karl von Thienen Adlerflycht, tysk diplomat
Nordmenn
[endre | endre wikiteksten]- Audun Hugleikson Hestakorn, norsk stormann i mellomalderen
- Baron Bjarne Erlingsson, baron av bjarkøyslekta
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Baron på bokmålswikipediaen: http://no.wikipedia.org/wiki/Baron
- Baron på tysk wikipedia: http://de.wikipedia.org/wiki/Baron
- Nynorskordboka