Bygdin er ein innsjø i den sørlege delen av Jotunheimen, i Vang kommune i Innlandet fylke. Bygdin har avløp mot aust gjennom Vinstre (Vinstervatn) og elva Vinstra til Gudbrandsdalslågen. På nordsida reiser fleire toppar seg over 2000 meter over havet; på sørsida er fjella noko lågare.
Bygdin er sumarstid trafikkert av motorbåten «Bitihorn», som går frå austenden via Torfinnsbu til Eidsbugarden ved vestenden. Merka vandreruter går både på nord- og sørsida av sjøen. Ved Valdresflyvegen (fylkesveg 51) i austenden av sjøen ligg fleire hotell; hit går òg Jotunheimvegen.
Bygdin vart regulert i 1936 (1048–1057 meter over havet). Reguleringa pregar strendene, særlig den austlege delen, der store sandmelar nå er synlege ved normal vasstand. Magasinet på 336 millioner kubikkmeter blir utnytta ved ti kraftstasjonar i vassdraget.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.