Over to tusen milliardar kroner har blitt fordelte.

Rundt ein fjerdedel kjem frå deg og meg.

Og du har kanskje lurt på:

Er det
dette
skattepenga
mine går til?

Illustrasjon av slottet, NRK-flagget, ei kvittering, isbjørn og ein tanks.

15. mai kom regjeringa med forslag til endringar på statsbudsjettet.

I denne saka gir me deg kvitteringa du ikkje får frå staten. Du skal få vita kor mykje du betaler til alt frå sjukehus – til kongehus.

Kvitteringa avheng av kva du tener og skattar.

*NRK lagrar ikkje informasjon om kva du tener.

85 829 kr er om lag det du betaler i innteksskatt til staten i 2025.

Korleis har me rekna?

I denne saka ser me berre på skatten du betaler til staten, som er ei samling av trinnskatt, ein del av fellesskatten og trygdeavgift.

Du betaler også skatt til kommune og fylke. Det er ikkje ein del av statsbudsjettet, og me tek difor ikkje med denne delen av skatten din.

Me tek ikkje omsyn til eventuelle frådrag du har på skatten din. Difor vil ikkje tala i denne saka vera heilt nøyaktige.

Utrekning av skatt

Fellesskatt til staten 26 364 kr
+ Trygdeavgift 46 200 kr
+ Trinnskatt 13 265 kr
= Skatt til staten 85 829 kr

Di personlege
kvittering for 2025

Folketrygda 29 235 kr
Kommunar og fylke 10 338 kr
Sjukehus 9 237 kr
Samferdsel 3 975 kr
Forsvar 7 105 kr
Utdanning og forsking 2 571 kr
Bistand 2 269 kr
Politi 1 259 kr
Jordbruks­avtalen 1 197 kr
Barnetrygd og kontantstøtte 1 221 kr
Renter på statsgjeld 704 kr
Andre utgifter 16 719 kr
Frå deg til staten: 85 829 kr

Kva går pengane dine til?

På same måte som at du må betala straum og husleige før du bestiller blåtur med gjengen, har Noreg også nokre faste utgifter som må betalast før pengane kan brukast på kjekke ting.

Me startar med det du brukar mest pengar på:

Folketrygda

29 235 kr av 85 829 kr

Folketrygda er heile Noreg sitt forsikringsselskap. Over 34 prosent av skattepengane dine går til denne forsikringa som er pålagd av staten.

– Staten får pengar av deg, for så å skulda deg pengar i framtida, seier Martin Blomhoff Holm, førsteamanuensis i økonomi ved Universitetet i Oslo

Det er Nav som handterer og fordeler pengane.

Illustrasjon av ein gutt i rullestol, ein pappa med en baby på armen og ei gammal dame med stokk.

Folketrygda følgjer deg frå du blir fødd – og foreldra dine får foreldrepengar for å vera heime med deg – til du ein dag går av med pensjon og skal leva livets meir eller mindre glade dagar.

I 2025 er dette di kvittering til:

Folketrygda

Pensjon 13 841 kr
Uføretrygd 5 548 kr
Sjukepengar 2 998 kr
Arbeids­avklarings­pengar 2 149 kr
Helsetenester 1 884 kr
Foreldre­pengar 1 263 kr
Andre sosiale formål 869 kr
Arbeidsliv 679 kr
Du betaler: 29 231 kr

Med ei stadig større eldrebølgje, blir summen du betaler til pensjon høgare og høgare.

Ei gammal dame med stokk på eit sufebrett.

Men staten prøver å halda seg flytande.

– Løysinga på å bera alle utgiftene i åra framover, er å få folk til å bli friskare og jobba meir, meiner Jørgen Næsje.

Han var statssekretær i Finans­departementet for Siv Jensen (Frp) i sju år, og har skrive «Boken om statsbudsjettet».

I 2024 var me sjukt mykje sjuke, men i dei fire siste månadane blei me litt friskare.

Grafen viser auken i tapte arbeidsdagar i månadane oktober, november og desember på grunn av sjukefråværet i Noreg dei siste ti åra. I 2024 utgjer sjukefråværet omtrent 10 millionar tapte arbeidsdagar. Frå 2020 er det ein auke på 19 %.
Grafen viser auken i tapte arbeidsdagar i månadane oktober, november og desember på grunn av sjukefråværet i Noreg dei siste ti åra. I 2024 utgjer sjukefråværet omtrent 10 millionar tapte arbeidsdagar. Frå 2020 er det ein auke på 19 %.

Tapte arbeidsdagar for månadane oktober, november og desember.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Sjukepengar skal dekkja lønna di viss du blir sjuk. Fortset me å vera like sjuke som i 2024, kan det bli dyrt.

– For staten Noreg er det best at du held deg frisk og jobbar. Då bidreg du berre på inntektssida av statsbudsjettet og ikkje på utgiftssida.

Martin Blomhoff Holm

Førsteamanuensis i økonomi ved Universitetet i Oslo

Men om du held deg frisk som ein fisk, må du likevel rekna med å betala $SYKEPENGER til sjukepengar i 2025.

Illustrasjon av ein torsk. Torsken ser mot høgre.

Dei politiske partia er einige om folketrygda, og blir difor rekna blant dei «låste utgiftene».

Og når rekninga er betalt, brukar du pengar på ei rekke andre ting.

Visste du for eksempel at Svalbard har sitt eige budsjett, som du betaler $SVALBARD til?

Illustrasjon av ein isbjørn sett frå sida. Isbjørnen løftar venstre pote.

Og apropos mindre stader – du bidreg også til at alle kommunane og fylka her i landet skal gå rundt.

Staten er som ein forelder for desse, som òg du er med på å forsørgja.

Kommunar og fylke

10 338 kr av 85 829 kr

Skular, vegar, sjukeheim og kulturtilbod, er blant tinga kommunar og fylke driftar.

Illustrasjon av ein skule.

– Derfor er det viktig at dei har økonomiske musklar til å løysa dei oppgåvene på ein god måte, seier Næsje.

Du er med på å pumpa desse musklane ved å betala:

$KOMMUNE-OG-FYLKESKOMMUNE til kommunar og fylke.

Dette kjem i tillegg til skatten du betaler direkte til kommunane og fylka utanom statsbudsjettet.

Du skal også pumpa ut mykje pengar til sjukehus og samferdsel i 2025.

Sjukehus og samferdsel

13 212 kr av 85 829 kr

– Det er eit sterkt press for at helse­sektoren skal bli betre. Me har alltid brukt mykje pengar på det, men me brukar stadig meir. Det same for samferdsel, seier Næsje.

For sjukehus betaler du til neste år:
$SJUKEHUS

Illustrasjon av ein sjukebil som står skrått.

Og for at sjukebilane skal koma fram, trengst vegar. I 2025 betaler du $SAMFERDSEL for samferdsel.

Kvifor brukar me mykje pengar på forsvar?

Med mykje krig og konflikt i verda, har pengebruken på forsvar vore ei varm potet.

Og i år betaler du meir til forsvar enn på lenge.

Forsvar

7 105 kr av 85 829 kr

Noreg har lenge ikkje nådd Nato-målet om å bruka 2 prosent av bruttonasjonalproduktet, altså økonomien vår, på forsvar.

Illustrasjon av ein tanks.

Men no vil me nå målet.

I 2025 må du betala $FORSVAR til forsvar.

Kva brukar me elles pengar på?

No har me kome til dei litt mindre beløpa.

Høgare utdanning, bistand og meir

9 220 kr av 85 829 kr

Du lurer kanskje på kva meir er?

Som du kan sjå på den personlege kvitteringa di, betaler du også til statsgjelda, politi, jordbruksavtalen, barnetrygd og kontantstøtte.

Di personlege
kvittering for 2025

Utdanning og forsking 2 571 kr
Bistand 2 269 kr
Politi 1 259 kr
Barnetrygd og kontantstøtte 1 221 kr
Jordbruks­avtalen 1 197 kr
Renter på statsgjeld 704 kr
Du betaler: 9 220 kr

Kva er det igjen til kjekke ting?

Når alle faste utgifter er betalte, er $FASTE-UTGIFTER brukte opp.

No er det $ANDRE-UTGIFTER igjen til «andre utgifter», eller dei kjekke tinga, om du vil.

Andre utgifter

16 719 kr av 85 829 kr

Men også mykje av desse pengane er låste. Det er nemleg om lag berre éin prosent politikarane har å rutta med.

– Det er ikkje så mykje av fordelinga som eigentleg skil ei blå og ei raud regjering.

Jørgen Næsje

Tidlegare statssekretær i Finansdepartementet

– Viss me tenkjer at utgiftene på statsbudsjettet er 2000 milliardar kroner, har ei regjering om lag 15 til 20 milliardar å bruka på sine politiske tiltak, legg Næsje til.

Det som kjem av lekkasjar i tida før budsjettet blir lagt fram, er eigentleg berre mange, mange småting, presiserer Holm.

– I det store og heile betyr det veldig lite, men det er viktig for enkeltgrupper.

Martin Blomhoff Holm

Førsteamanuensis i økonomi ved Universitetet i Oslo

For tek du ferja over fjorden kvar dag, vil du merka det på lommeboka om ferje­turen er gratis.

Samstundes vil det kanskje kjennast ekstra irriterande å betala for det, om du aldri reiser med ferjer.

Illustrasjon av ei bilferge. Landgangen er open mot høgre.

Uansett – om du er ferjepassasjer eller ei – går $FERJEDRIFT av skattepengane dine til ferjene rundt om i landet.

Og uansett om du aldri har køyrt – eller kjem til å køyra gjennom sentrum av Oslo, betaler du $RING-1 til ombygging av vegen Ring 1 i samband med det nye regjeringskvartalet.

Illustrasjon av ein bibel. Bibelen ligg flatt og har eit kors på framsida.

Til den norske kyrkja og andre trus­samfunn, gir du $TRUSSAMFUNN, om du så trur eller ikkje trur at det finst noko meir mellom himmel og jord.

Og med di inntekt går ca. $KONGEHUSET av skattepengane dine til kongehuset i 2025, uavhengig av om du er for eller imot monarkiet.

Illustrasjon av slottet. Kongeflagget vaiar i toppen.

Kongehuset

Det kongelege hoff 11 kr
Eigedommar 4 kr
Kongeskipet 2 kr
Årslønn til kongeparet og kronprinsparet 1 kr
Andre utgifter 1 kr
Offisielle reiser 0 kr
Frå deg til kongehuset: 20 kr

Til neste år vil politikarane bruka meir pengar enn vanleg på å minska forskjellane om du bur i byen eller på landet.

Om du bur på ein mindre sentral plass, kan det handa du får sletta ein del av studielånet ditt. Og bur du i byen og har barn på SFO eller AKS, kan det bli gratis 12 timar i veka.

Og for at noko skal bli gratis, trengst pengar.

Men kor kjem pengane frå?

No har me sett på kva staten har brukt dine skattepengar på. Saman med alle andre i Noreg bidrar du med $INNTEKTSSKATT.

Skatt av lønn og formue

483 mrd. kr av 2 073 mrd. kr

Dette er faktisk berre $INNTEKTSSKATT-PROSENT av heile statsbudsjettet – og på ingen måte nok til å dekkja heile gildet.

Derfor er det ikkje berre du og eg som må skatta. Heile Noreg må bidra på sitt vis.

Arbeidsplassen din må òg skatta av di og kollegaene dine si lønn.

Arbeidsgivaravgift

274 mrd. kr av 2 073 mrd. kr

Små og store bedrifter spyttar inn eit solid bidrag til statsbudsjettet med $ARBEIDSGIVARAVGIFT i arbeidsgivaravgift.

Du er òg med på spleiselaget som forbrukar.

Meirverdiavgift

405 mrd. kr av 2 073 mrd. kr

For kvar gong du dreg kortet ditt, eller brukar cash, betaler du litt ekstra til staten. Vanlege varer og tenester, som ein kopp kaffi og ein klipp hjå frisøren, har meirverdiavgift.

Illustrasjon av ei sjokoladeplate. Det er tatt ein bit av det næraste hjørnet.

For ein sjokolade du betalte 25 kroner for, gjekk ca. 3 kroner til staten.

– Meirverdiavgift er fascinerande. For denne inntektsposten er veldig stor, men folk tenkjer kanskje ikkje så mykje over det, seier Holm.

Tobakk og alkoholavgift

24 mrd. kr av 2 073 mrd. kr

Kjøper du snus og røyk, er det i tillegg ei tobakksavgift – og for øl, vin og brennevin ei alkoholavgift.

Så for vinflaska du betalte 200 kroner for på polet, spytta du inn ca. 100 kroner i felleskassa.

Enkel illustrasjon av ei vinflaske og to vinglas.

– Ein del av dei varene som har skade­verknad eller belastning på samfunnet, har politikarane bestemt at skal ha ei særavgift for å bruka mindre av dei, seier Næsje.

Men me får også heile $ANDRE-SKATTAR frå såkalla andre skattar, avgifter og inntekter.

Andre inntekter

393 mrd. kr av 2 073 mrd. kr

Har du kjøpt bustad har du kanskje kjent på dokumentavgifta, som drar inn heile $DOKUMENTAVGIFT kroner til statsbudsjettet.

Me har også flypassasjeravgift – og vegavgift for dei som køyrer bil.

Av andre inntekter, har Noreg også bedrifter dei anten eig fullt og heilt, eller har aksjar i.

Illustrasjon av ein sparegrisgris.

Men slik me budsjetterer, er me dyre i drift.

Kvart år går Noreg nemleg tom for pengane me no har snakka om.

Kva gjer me når pengane våre tek slutt?

Dersom statsbudsjettet berre skulle ha brukt skatte- og avgiftspengar, vil me ha brukt opp pengane $PENGENE_OPPBRUKT.

$PENGENE_OPPBRUKT_2024

Då må me ta i bruk pengane i Noregs sparegris – oljefondet.

Overføring frå Oljefondet

494 mrd. kr av 2 073 mrd. kr

– Her er Noreg i ei særstilling. Det er veldig få land som kan gjera noko slikt i sitt statsbudsjett, seier Næsje.

Illustrasjon av eit oljefat.

Men sparegrisen kjem med ein regel. Politikarar får ikkje bruka meir enn 3 prosent av verdien til oljefondet.

– Alle partia er einige om at pengar frå oljefondet skal brukast. Viss me ikkje brukar det, gir det jo ikkje noka meining at me har det fondet, seier Holm.

Grafen viser oljefondets verdiauke sidan 1998 og fram til no. I 1998 var oljefondet på 172 milliardar kroner. I 2024 er fondets verdi på 19742 milliardar kroner.
Grafen viser oljefondets verdiauke sidan 1998 og fram til no. I 1998 var oljefondet på 172 milliardar kroner. I 2024 er fondets verdi på 19742 milliardar kroner.
Kjelde: Norges Bank

Oljepengane står for nesten kvar femte krone av statsbudsjettet til neste år, og dess feitare sparegrisen blir, dess meir vil dei tre prosentane vera verde.

– Det kan verka som om det er oljefondet som betaler for alt, men den viktigaste kapitalen til Noreg framover, er menneska. Det er me som er staten.

Martin Blomhoff Holm

Førsteamanuensis ved UiO

Enn så lenge er det altså du og eg som spyttar inn mest til drifta av Noreg.

PS: Du har også betalt for det du har lese no.

Illustrasjon av NRK-flagget.

$NRK av skattepengane dine går til NRK.

Og $denne-saka har gått til oss for å laga denne saka.