Bilulykke på E39
Det har vore ei bilulykke på E39 ved Verftsgata i Molde. Ifølge politiet skal berre ein bil vere involvert.
Det har vore ei bilulykke på E39 ved Verftsgata i Molde. Ifølge politiet skal berre ein bil vere involvert.
Det er meldt om sørvest opp i frisk bris på kysten i sør, elles skiftende bris Enkelte regnbyger, snøbyger i indre og høyereliggende strøk.
Fra i ettermiddag avtagende bygeaktivitet. Lokal tåke eller lave tåkeskyer. I kveld nordøst bris på kysten. Stort sett oppholdsvær.
Værvarselet fra Meteorologisk institutt gjelder frem til midnatt
Politiet i Kristiansund ber om at personar som var vitne til ein påkøyrsel førre torsdag tek kontakt. Det skriv Tidens Krav.
Til avisa opplyser politiet at dei framleis etterforskar saka, men at dei har avhøyrt føraren. Dei ønskjer også å høyre frå folk som kan ha vore vitne til hendinga.
Ein mann i 40-åra frå Romsdal er dømt til fengsel i 21 dagar for å ha køyrt bil medan han var påverka av narkotika. Fengselsstraffa er utsett med ei prøvetid på to år på det vilkår at mannen gjennomfører eit program mot ruspåverka køyring.
Det var i fjor at mannen sette seg bak rattet og køyrde inn i ein annan bil bakfrå, då den bremsa ned. Ifølge dommen skal mannen i forkant av dette ha køyrt forbi ein annan bil.
Mannen var påverka av fleire typar narkotika, og skal ha hatt ei promille på 1,2.
I retten forklarte mannen at han visste at han ikkje burde ha køyrt bil den dagen. Vidare forklarte han at han hadde prøvd å få hjelp til rusproblema sine og søkt om behandlingsplass, men hadde fått beskjed om at dei ikkje hadde plass. Han går no til behandling.
Mannen blei også dømt til å betale ei bot på 60.000 kroner og mister føreretten i to år.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.