Ei vord eller ei vorde er eit høgdedrag eller ei fjellside. Vorder er gjerne rundvorne og ikkje så høge fjelltoppar utan steile sider, ofte med noko bjørkeskog oppetter liene. Mange stader tenker ein på vola som fjellsida, heller enn sjølve toppen.
Vord er vanleg som grunnord i mange fjellnamn; på Austlandet oftast skrivne med l og uttala med tjukk l: Storvola, Gitvola.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.