Som sjangernamnet foreslår, er funksjonen og målet til mykje trancemusikk å skape ein oppløftande, emosjonell og transeliknande tilstand som kan minne om ekstase og eufori.
Stilistisk er musikken prega av mykje bruk av synthtema og trommevirvlar. Tempoet er nokså raskt og held seg mellom 125 og 150 slag per minutt. Trance består av mange musikalske løft og byggingar som blir gjort gjennom såkalla ‘breakdowns’ og ‘build-ups’ som er både lange og kraftige samanlikna med korleis desse seksjonane er forma i andre EDM-sjangrar.
Ein typisk trancelåt vil ha ei vokallinje sunge av ein kvinneleg vokalist i eit høgt toneleie, og ofte med ein emosjonelt lada tekst. Synthane brukt i trancemusikk er kjenneteikna ved å bestå av insisterande og massive lydar. Desse blir satt saman med eit såkalla four-to-the-floor-trommemønster med ukompliserte rytmar. Ideelt sett skal dette i lag med synthane skape ein repeterande og suggerande, transeliknande effekt.
Trancescena har, og er til dels framleis, prega av kvite mannlege utøvarar, særleg samanlikna med andre klubbsjangrar som house og techno.
Sentrale DJ-ar innan trancefeltet er Tiësto, Armin van Buuren, Paul van Dyk og Paul Oakenfold.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.