Inspirert av Kraftwerk og anna elektronisk musikk frå Europa, byrja Juan Atkins, Derrick May og Kevin Saunderson («the Belleville Three») å produsere techno i Detroit på midten av 1980-talet. Dei var interesserte i ny teknologi og framtida, og musikken vart tydeleg influert av dette. I byrjinga var EDM-scenene i Detroit og Chicago, housemusikken sin fødeby, relativt isolerte fenomen, men gjennom Storbritannia vart musikken frå desse byane vidt kjent. Den USA-produserte technoen ekspanderte mellom 1990–92 til Europa og gjorde seg særleg gjeldande i Tyskland og Berlin.
Techno er produsert i 4/4 med eit tempo mellom 120 og 150 slag per minutt. Nesten utelukkande er musikken instrumental og følgjer det diskoinspirerte trommemønsteret four-to-the-floor. Techno fokuserer på perkusjon og komplekse rytmar i form av synkopar og polyrytmikk framfor melodiske linjer og motiviske utviklingar. Dei tidlege technoprodusentane blanda europeisk synthpop-element med kjenneteikn frå blant anna house, soul, funk og disco, og eit sentralt estetisk element er kreativ bruk av musikkproduksjonsteknologi.
Samanlikna med house og trance, har techno færre musikalske lag og strukturelle byggingar som fører til ein meir repeterande musikk med jamnare energi. Sjangeren blir ofte kalla DJ-vennleg då den gjerne er produsert for å kunne saumlaust knyte saman låtar i eit lengre DJ-sett.
Techno har etterkvart utvikla seg til å inkludere mange ulike undersjangrar. Aktørar som Aphex Twin, Hardfloor, Prodigy, Chemical Brothers, Moby og Plastikman har gjort sitt for å markere technomusikk på mainstream-marknaden. Andre sentrale DJar innan technosjangeren er Nina Kraviz, Paula Temple, Carl Craig og Jeff Mills.
Tidvis blir techno-termen feilaktig brukt som eit samleomgrep for all elektronisk dansemusikk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.