Stankelbein er ei gruppe insekt innan underordenen mygg. Det er beskrive 15 730 artar stankelbein i verda, og dei finnest over heile verda. Stankelbein av ulike artar er vanlige i Noreg over heile landet. Sjølv om dei er mygg, kan ikkje stankelbein stikke, og dei færraste artane tar til seg næring i det heile tatt som vaksne. Nokre av artane manglar til og med munndelar.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Tipuloidea
Dei stankelbeina folk flest møter på er for det meste storstankelbein, med for eksempel arten myrstankelbein som finst i store delar av landet.
Mange blandar stankelbein med vevkjerringar eller langbein, som òg har veldig lange bein. Vevkjerringar er ikkje insekt, men høyrer til edderkoppdyra. Dei manglar venger og har åtte bein (fire par), i motsetnad til stankelbein som har venger og seks bein (tre par) som andre insekt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.