Smolt er nemninga på ungfisk av anadrome laksefisk (laks, aure og røye) som er klare for utvandring frå ferskvatn til saltvatn. Utvandringa skjer vanlegvis på våren, avhengig av vasstemperatur og vassføring.
Smolten har før utvandringa gått gjennom ei fysiologisk tilpassing til det å tole saltvatn, smoltifisering. Før smoltifiseringen forsvarer lakse- og aureungane territorium i elvar og bekker. Røyeungane lever ofte i innsjøar.
Dei fysiologiske endringane som gjer fisken frå ein ferskvassfisk til ein saltvassfisk, startar i god tid før utvandringa frå elva. Også åtferda til fisken blir endra. Smolten dannar stimar og startar å symje nedstraums med straumen. Også kroppsforma og fargen blir endra. Laksesmolten er sølvblank, med ein litt mørkare rygg enn buk. Drakta endrar seg ved at fingermerka eller parrmerkene, på sidene av kroppen blir borte. Den har også ein tendens til å vere meir langstrekt og slank enn ungfisken på elva. Alt dette er tilpassingar til eit aktivt liv i dei fri vassmassar i havet eller langs kysten.
Smolten vandrar ut når han er frå eitt til seks år gamal, alt avhengig av arten og lokaliteten.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.