Setervoll er ein inngjerda voll eller grasmark ved ei seter. Setervollane var eit slag innmark knytt til seterbruket, der ein med gjerde heldt dyra unna i delar av vekstsesongen. Vollen vart rydda for stein, slik at ein kunne slå han med ljå. Høyet vart lagt i løe på setra og kjørt heim på vinterføre. Etter slåtten vart dyra sleppte innpå for å beite på håen. Ei stund før heimferd frå setra vart vollen gjødsla med møkk som ein sanka omkring seterhusa.
Faktaboks
- Også kjend som
-
setervang
Setervollane er ofte artsrike, som anna slåttemark, og kan ha verdifulle raudlisteartar. Dersom det var rikeleg med gjødsel, ville likevel grasartar dominere.
Med avviklinga av det tradisjonelle seterbruket blir setervollane i dag beita til liks med anna utmarksbeite, og er ofte attraktive for dyra på grunn av grasveksten. Der beitetrykket er mindre, er dei gamle setervollane utsette for attgroing. Somme stader er setervollar haldne i hevd med ytterlegare overflatedyrking for maskinell slått og hausting.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.