Samojediske språk er ei språkgruppe som saman med dei finsk-ugriske språka utgjer den uralske språkfamilien. Samojediske språk blir snakka i små språksamfunn i det nordlege Russland mellom Barentshavet i vest og Tajmyr-halvøya i aust.
Det finst fire levande samojediske språk, og i tillegg kjenner vi til tre utdøydde:
- nganasansk, 130 talarar av ei etnisk gruppe på 860
- enetsisk, 40 talarar av ei etnisk gruppe på 230
- juratsisk, utdøytt sidan tidleg på 1800-talet
- nenetsisk, 21 900 talarar av ei etnisk gruppe på 44 600
- selkupisk, 1 020 talarar av ei etnisk gruppe på 3 900
- kamasisk, utdøytt sidan 1989
- matorisk, utdøytt sidan 1839
Det har vore vanleg å dele dei samojediske språka i ei nordleg grein (nganasansk, enetsisk, juratsisk, nenetsisk) og ei sørleg grein (selkupisk, kamasisk, matorisk), men etter kvart som kunnskapen om desse språka har auka, har ein gått bort ifrå denne todelinga. I staden ser det ut til at dei sju språka utgjer eit kontinuum, frå nganasansk til matorisk, med rekkjefølgja i lista ovanfor.
Dei samojediske språka står relativt nær kvarandre, og ein reknar med at ursamojedisk berre ligg 2000 år tilbake i tid.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.