Saga er ei forteljing som høyrer til den norsk-islandske litteraturen frå mellomalderen. I norrøn språkbruk betyr saga både munnleg og skriven forteljing, utan omsyn til lengd, innhald eller form. Ein har skilt mellom «sann-saga» og «lygi-saga», men grensa går ikkje alltid der ein no ville ha sett henne mellom historie og dikting.
Fleire av dei islandske sagaene er stor kunst, til dømes Njålssoga (Njáls saga), Soga om Ramnkjell Frøysgode, Soga om laksdølane (Laxdœla saga), Bandamanna saga og Heimskringla. Sagaene blei skrivne rundt perioden 1160–1400.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.