Sørsamisk er eitt av dei tre offisielle samiske språka i Noreg, saman med lulesamisk og nordsamisk. Det tradisjonelle sørsamiske busetjingsområdet i Noreg strekkjer seg frå Saltfjellet i nord til Elgå i Innlandet i sør. Busetjinga er spreidd og fordelt utover eit stort område. Det er grunn til å tru at under halvparten av sørsamane meistrar språket.
På UNESCOs liste over trua språk er sørsamisk språk klassifisert som eit alvorleg trua språk. Få brukarar og store avstandar gjer at det er krevjande å drive sørsamisk språkarbeid. Samfunnet har stort behov for personar med kompetanse i sørsamisk. Spesielt gjeld dette innanfor læraryrket, utvikling av læremiddel og i offentleg forvaltning og tenesteyting.
Sørsamisk blir talt av 500–600 i Sverige og Noreg, tradisjonelt i lena Dalarna, Härjedalen, Jämtland, Västerbotten og i fylka Innlandet, Trøndelag og Nordland, men det har òg vore brukt i Dovre og på Nordmøre. I kvart land finst det 250–300 personar som snakkar sørsamisk, av ei etnisk gruppe på kring 1200 menneske.
Sørsamisk er offisielt språk i Hattfjelldal i Nordland og Røyrvik, Snåsa og Røros i Trøndelag i tillegg til norsk.
Åarjelsaemie tyder 'sørsamisk språk' og 'sørsame', og saemie tyder 'samisk språk' og 'same'. Nokre geografiske namn: Sveerje 'Sverige', Nöörje 'Noreg', Nordlaante 'Nordland', Noerhte-Trööndelaage 'Nord-Trøndelag', Åarjel-Trööndelaage 'Sør-Trøndelag', Heedmarhke 'Hedmark', Snåase 'Snåsa', Aarporte 'Hattfjelldal', Maajehjaevrie 'Majavatn'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.