Rypebær
Av /Shutterstock.

Rypebær. Sommarfargar (til venstre) og haustfargar (til høgre). Blada får den vakre, djupraude fargen allereie tidleg om hausten.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Rypebær er ein dvergbusk i lyngfamilien. Rypebær er vanleg til fjells i heile landet, særleg på rabbar med tynt snødekke.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Arctous alpina
Beskriven av
(L.) Nied.
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig

Eigenskapar

Rypebær er ein dvergbusk som blir mellom 3–5 centimeter høg. Buskane har lange greiner med forholdsvis tynne, sagtanna blad. Blomane blømer før blada sprett om våren, med kvite, krukkeforma blomar som sit saman i små klasar. Fruktene som blir danna, er store raude bær, som etter kvart blir svarte. Om hausten blir blada sterkt raude og sit lenge på.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta dekkfrøete planter, blomsterplanter, dekkfrøingar
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Ericales lyngordenen
Familie Ericaceae lyngfamilien
Slekt Arctous rypebærslekta
Art Arctous alpina rypebær

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Arctous alpina
Tidlegare vitskapleg namn
Arbutus alpina L., Arbutus alpinus L., Arctous alpinus (L.) Spreng., Arctostaphylos alpina (L.) Spreng., Arctostaphylos alpinus L.
Artsdatabanken-ID
154588
GBIF-ID
2882527

Kommentarar (2)

skreiv Ole Martin Halck

Jeg er på ingen måte biolog, så derfor foretrekker jeg å spørre fremfor å lage endringsforslag:

1. Slektsnavnet Erctous forekommer to ganger i systematikkoversikten. Dette er antakelig bare skrivefeil for Arctous?

2. Flere av bildetekstene har slektsnavnet Arctostaphylos. Det ser ut som dette er en annen slekt, heller enn bare et synonym? Om artene er blitt omklassifisert, bør kanskje bildetekstene endres; i motsatt fall hører de kanskje ikke til i artikkelen?

svarte Guro Djupvik

Artikkelen er nå oppdatert, takk for innspillet!

Vennlig hilsen Guro Djupvik, redaktør.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg