Rollespel er ein samlande kategori for spel der spelarane tar på seg roller, og der dei fortel ei forteljing gjennom spelets gang. Rollespel inneheld element av spel, eventyr og improvisasjonsteater, og kjem i mange variantar. Det første bordrollespelet var Dungeons & Dragons, som kom ut i 1974.
Faktaboks
- Også kjend som
-
engelsk role playing game, RPG. Bordrollespill er kjent på engelsk som Tabletop role-playing game, TTRPG
bokmål: rollespill
Mange rollespel nyttar terningar for å få inn eit element av slump. Nokre rollespel nyttar brett og brikkar, i andre kan ein spele med sjølvteikna kart og figurar, og nokre variantar treng ikkje utstyr i det heile. I laivrollespel kler spelarane seg ut som karakterane sine og spelar handlinga ut fysisk.
Dungeons & Dragons fekk selskap av Runequest same år, og i dag er det eit enormt utval av rollespel, frå små kunstspel som First They Came til originale, fantasifulle verder og store lisensierte verder som Star Wars og Dune. Medan fantasyrollespel er mest spelt, finst det rollespel innan alle moglege sjangrar, frå science fiction til kostymedrama. Nokre er actionorienterte, såkalt hack & slash, medan andre har større fokus på karakterutvikling og psykodrama.
Rollespel har likskap, og deler trekk, med rollespel slik det er nytta i terapi, opplæring og simuleringar, men slik rollespel er forstått her, er det med vekt på leik og spel.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.