predasjon
Ekte predasjon
Som oftast når ein snakkar om predasjon meiner ein at eit rovdyr jagar, drep og et eit byttedyr, som til dømes når ei løve tek ei antilope. Mindre opplagde døme på predasjon kan vera når ein kval et plankton, ein gnagar et frø, eller ei kjøtetande plante fortærer insekt.
I alle desse døma vert byttedyret ganske raskt teke livet av, predatorane drep mange byttedyr i laupet av livet, og dei et heile eller store delar av byttedyra. Predasjon av denne typen vert stundom kalla «ekte predasjon».
Dersom predatoren og byttedyret høyrer til same arten er det kannibalisme.
Beiting og parasittisme
Beiting og parasittisme kan og reknast som predasjon, sjølv om dette er mindre vanleg i daglegtalen. I motsetnad til rovdyr, vil beitedyr og parasittar som oftast ikkje drepa byttet sitt, i alle fall ikkje med det same. Desse går difor ikkje under nemninga «ekte predasjon». Over tid kan beiting og parasittisme likevel svekka planta eller verten så mykje at dei døyr.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.