Den mest typiske norske julematen er svineribbe, pinnekjøt, lutefisk og juletorsk. Julemat kan også vere kveite, kjøttmølje, risgraut og andre tradisjonelle matretter. I tillegg har juleøl sterke historiske røter.
Norsk tradisjonell julemat er kjenneteikna og prega av norske råvarer frå både hav, innsjø, utmark og norsk landbruk.
Kva som blir definert som julemat, er kulturelt fundert og avheng av både geografi og tradisjon. Mykje av julematen stammar frå tradisjonar som er fleire hundre år gamle, og spesielt finst det spor frå katolsk tid.
I jula er dei fleste meir tradisjonsbundne enn elles i året. Mange ulike retter skal inn på menyen i løpet av jula, men det kan variere kva dag rettane står på menyen. Svineribbe med medister er ein yngre tradisjon, men dette er den mest populære middagen blant nordmenn på julaftan. På landsbasis er det omlag 50 prosent som har ribbe og 40 prosent som har pinnekjøt på julaftan.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.