Organiske og uorganiske stoff vandrar gjennom næringskjedene, og gjennom nedbrytarane blir stoffa igjen tilgjengelege for produsentane.
Energi går tapt for kvart ledd i næringskjeda. Det gjer at berre ein brøkdel av det som blir produsert, når heilt opp til ein sekundær- eller tertiærkonsument. Ikkje alt som blir produsert, blir ete og dermed teke opp i neste ledd, og ikkje alt som blir ete, blir utnytta av konsumenten, ettersom ufordøydde restar blir skilde ut som avføring (ekskrement) for så å førast tilbake til nedbrytarane. Av det som blir utnytta, blir mykje brukt til anding og derfor ikkje lagra som kroppsmasse som kan utnyttast av neste ledd i næringskjeda.
Grovt sett kan ein seie at for kvart ledd i næringskjeda eller næringsnettet går om lag 90 prosent av energien «tapt». Det betyr at 1000 kilo planteplankton kan gi omtrent 100 kilo raudåte, som kan gi 10 kilo kril, som kan gi 1 kilo lodde, som igjen kan gi 0,1 kilo torsk.
Om ein reknar i biomasse, får ein derfor ein næringspyramide som er breiast nedst (produsentane) og smal øvst (toppredatorar). Dette set ei øvre grense for kor lange næringskjeder kan vere. Dei fleste næringskjeder er likevel kortare enn det som hadde vore mogleg ut frå eit energisynspunkt (3–4 ledd).
Energitapet oppover i næringskjeda betyr også at det frå eit energisynspunkt er mest rasjonelt å skaffe seg mat lengst mogleg ned i næringspyramiden, til dømes ved å ete fisken direkte i staden for å male han opp til dyrefôr. Frå dømet ovanfor kan vi seie at ein får meir igjen for å ete 1 kilo lodde enn 0,1 kilo torsk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.