Morfologi er den greina av språkvitskapen som utforskar og beskriv ordbøying og orddanning.
Faktaboks
- Uttale
-
morfologi
- Etymologi
- klassisk gresk μορφή morphḗ ‘form’ og λογία logía ‘lære’; ordet blei laga av Johann Wolfgang von Goethe i 1796, om læra om forma til planter og dyr
- Også kjend som
-
formlære
Morfologi blir også kalla formlære.
- Eksempel på ordbøying er at substantivet fest har bøyingsformene fest, festen, festar, festane.
- Eksempel på orddanning er at det frå substantivet fest har blitt laga avleiingar som adjektiv som festleg og verb som feste og samansetningar (samansette ord) som fyllefest.
Kommentarar (3)
skreiv Kjetil Gundersen
Hei!
Eg ser artikkelen "Morfologi" vart sterkt korta ned i juli 2022. Kvifor det, da? Det var interessant det som stod der.
Vennleg helsing
Kjetil Gundersen
skreiv Rolf Theil
Hei!
Eg var ganske misnøgd sjølv, fordi eg meiner artikkelen var mykje meir komplisert enn han trong vere. Difor arbeider eg no med ei ny utgåve, som eg ganske snart skal leggje ut.
Beste helsing,
Rolf Theil
skreiv Rolf Theil
Hei!
Det var litt korttenkt av meg å stryke den gamle artikkelen før den nye var ferdig, så eg har lagt inn den gamle att.
Rolf Theil
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.