Mellomnorsk er ei nemning på språket som vart snakka og skrive i Noreg i seinmellomalderen, frå rundt 1350 til 1536. Mellomnorsk avløyste norrønt og utvikla seg vidare til moderne norsk.
Bakover i tid blir grensa mellom norrønt og mellomnorsk ofte sett til 1350. Dette har samanheng med svartedauden: Mange av dei som kunne skrive, døydde i denne pesten. Det må ha fått store konsekvensar for opplæring og språkleg tradisjon. Dette ser vi som eit (uskarpt) skilje i skriftspråket kring 1350, då dei nye generasjonane av skriftkyndige vart verksame: Den eldre, konservative skriftnorma gjekk or bruk, og dei nye skrivarane skreiv oftare slik dei snakka.
Frå byrjinga av 1500-talet er norsk skriftspråk stort sett avløyst av dansk. Dette skiljet er ikkje tydeleg; dansk stod sterkt frå kring 1450 og vart nesten alltid brukt i dokument frå sentraladministrasjonen. Men norsk vart brukt i brev (diplom) fram til kring 1550, og i nokre faste vendingar vart norsk brukt fram til kring 1600.
I løpet av den mellomnorske perioden voks dialektane fram til den forma dei stort sett hadde på 1800-talet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.