Medium er ei bøying av verbet som uttrykkjer at nokon utfører ei handling på seg sjølv eller i eiga interesse. Her er to eksempel:
- gamalgresk loúomai (λούομαι) 'eg vaskar meg'
- fulfulde mi lootake 'eg vaska meg'.
På norsk uttrykkjer vi denne tydinga med refleksive pronomen, som i setninga Ho vaskar seg. I språk med medium har dei eitt ord som svarer til vaskar seg.
For å skilje mellom medium om handling ein utfører på seg sjølv om handlingar ein utfører i eiga interesse, blir det første kalla direkte refleksiv tyding og det andre indirekte refleksiv tyding. Dette skiljet kjem òg fram i bruken av norske refleksive pronomen:
- Direkte refleksiv: Eg vaskar meg.
- Indirekte refleksiv: Eg skal rulle meg ein røyk.
Aktiv, passiv og medium utgjer til saman den grammatiske kategorien diatese, her illustrert med infinitiv av verbet som tyder 'vaske' i fulfulde:
- Aktiv: lootugo 'å vaske'
- Passiv: looteego 'å bli vaska'
- Medium: lootaago 'å vaske seg'
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.