Meänkieli eller tornedalsfinsk er eit språk som høyrer til dei finsk-ugriske språka i den uralske språkfamilien. Det er nært slektskap til mellom anna finsk og kvensk. Meänkieli er førstespråket til 40 000–70 000 menneske i Tornedalen og nærmare 10 000 utflytte tornedalingar.
Meänkieli er eit offisielt minoritetsspråk i Sverige.
Endonymet for språket er meänkieli, av meän kieli 'vårt språk'. Det offisielle forvaltningsområdet er seks kommunar i Norrbottens län: Pajala, Haaparanta/Haparanda, Matarengi/Övertorneå, Kiruna og Jellivaara/Gällivare. Tornedalen og Sverige heiter Tornionlaakso og Ruotti. I svenske kommunar som inngår i forvaltningsområdet for eitt eller fleire av språka samisk (19 kommunar), finsk (59 kommunar) og meänkieli (seks kommunar), har innbyggjarane rett til å nytte språket sitt i kontakten med myndigheitene. Kommunane er pliktige til å tilby barnehage, barnevern og eldreomsorg på minoritetsspråket.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.