Lov om Kommunalbanken AS er ei norsk lov som omdanna forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank frå å vere eit særlovsselskap til aksjeselskap. Lova overførte alle offentlege løyver til det nye aksjeselskapet og oppheva kommunalbanklova frå 1949. Dei vidare rammene for styring av Kommunalbanken følgjer av aksjelovgivinga, bankens vedtekter og reguleringane for kredittføretak forøvrig.
Faktaboks
- Fullt namn
- lov om omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap
- Kortnamn
- lov om Kommunalbanken AS
- Forkorting
- kombl
- Tredd i kraft
- 01.11.1999
- Lovdata-ID
- NL/lov/1999-07-16-68
Bakgrunnen for omdanninga var at fleire aktørar ikkje rekna den dåverande organiseringa av Kommunalbanken som høveleg for å styre investeringsaktiviteten i kommunesektoren i lys av utviklingane i kredittmarknaden på 1980- og 1990-talet. Dette vart mellom anna drøfta i NOU 1995: 11 av Statsbankutvalet. Styret i banken hadde òg arbeidd for auka handlefridom og meir bruk av ulike finansielle instrument for den statlege banken.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.