Kveding er framføring av særskilde typar av vokal folkemusikk som stev, viser og ballader. Ein seier at ein kvedar ei vise eller eit stev, men syng ein salme (eller religiøs folketone) og tullar ein slått. I den folkelege songtradisjonen er omgrepet kveding særleg knytt til Telemark og Setesdal, men det har etter kvart kome i bruk også i andre delar av landet. Omgrepet kvedar blir òg nytta generelt om ein som framfører tradisjonell vokal folkemusikk.
Kveding blir oftast knytt til a capella song, det vil seie song utan akkompagnement av eit eller fleire instrument. Dette gjeld også på kappleikane, der det blir tevla i vokal folkemusikk, som framleis er i bruk som eit meir inkluderande omgrep geografisk enn kveding.
Ordet kveding kjem frå det norrøne ordet kvad eller kvede, som på norrønt tydde «å seie fram eit dikt rytmisk og på ein høgtidleg måte». Ein som kved kalles ein kvedar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.