Interferens er i språkvitenskap det at språkbruken til ein person eller ei gruppe menneske får innblanda ord, bøyningsformer, språklydar og anna frå eit anna språk eller ein annan dialekt.

Faktaboks

Uttale

interferens

Også kjend som

transfer

Det er vanleg at lydsystemet i førstespråket påverkar kva lydar ein meistrar og har utfordringar med når ein skal tileigne seg eit andrespråk. Dersom ein kan høyre "spor" av førstespråket når ein person snakkar på andrespråket, er det vanleg å tolke dette som interferens (også kalla transfer) frå førstespråket.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg