Fulfulde er eit språk i niger-kongo-familien og blir snakka av over 35 millionar menneske, særleg i Sahel, savannebeltet som strekkjer seg sør for Sahara frå Atlanterhavet til Raudehavet. Fulfulde har den største geografiske utbreiinga av alle afrikanske språk sønnanfor Sahara. Berre tre språk i Afrika — arabisk, hausa og joruba — har fleire talarar enn fulfulde.
I Nigeria er det nærmare 17 millionar som snakkar fulfulde som førstespråk, i Guinea nesten 5 millionar, i Senegal nesten 5,5 millionar, i Mali over 1,5 million, i Kamerun 2,5 million og i Niger noko over 2 millionar. I Kamerun finst det i tillegg over 2,5 millionar menneske med fulfulde som andrespråk. Store grupper fulfuldetalande finst òg i Mauritania, Gambia, Guinea-Bissau, Sierra Leone, Burkina Faso, Elfenbeinskysten, Ghana, Togo, Benin, Tsjad, Den sentralafrikanske republikken og Sudan.
Fulfulde er eitt av fleire offisielle språk eller nasjonalspråk i Senegal, Guinea, Mali, Niger og Nigeria. Det er eit viktig handelsspråk (lingua franca) i mellom anna Guinea, Mali, Kamerun og Tsjad. I Kamerun er det fleire andrespråks- enn førstespråkstalarar.
Språket heiter fulfulde (frå Mali og austover), pulaar (frå Mali og vestover) og pular (i Guinea). Ein person som høyrer til den etniske gruppa, heiter pullo, med fleirtalsforma fulɓe. På andre språk er både språket og folket mellom anna kjende under namn som fulani og peul.
Språket blir òg talt av folk i Mauritania, Senegal, Gambia og Mali som kallar seg haalpulaar'en 'dei som talar pulaar'.
På 1990-talet var fulfulde eit fag ved Universitetet i Oslo, med forkurs, grunnfag og mellomfag. Hovudvekta låg på Aadamaawa-dialekten, som blir tala i Nord-Kamerun og Aust-Nigeria.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.