Dvergnova

Ei dvergnova består av ein kvit dverg som sluker materie frå ei anna stjerne. Denne prosessen fører til utbrot som blir observerte som ein type nova.

Av .

Dvergnova er ein type lyssvake variabelstjerner som sender ut stråling og materie i utbrot. Utbrota gjentek seg i intervall på nokre titals eller hundre døgn og fører til at lysstyrken til dvergnovaen varierer med 2–5 storleiksklassar.

Faktaboks

Også kjend som

U Geminorum-stjerne

Dvergnovaer er fysiske dobbeltstjerner der hovudstjerna er ein kvit dverg og den andre stjerna er ei kald hovudseriestjerne. Den kvite dvergen sluker til seg materie frå sin tilhøyrande stjerne, og denne materien dannar ein såkalla akkresjonsskive rundt den kvite dvergen. Den leiande hypotesen for å forklare utbrota er at dei kjem av instabilitetar i akkresjonsskiven.

Dvergnovaer blir òg kalla U Geminorum-stjerner, kalla opp etter den første observerte dvergnovaen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg