Distribusjon betyr fordeling eller utdeling. Innanfor økonomisk verksemd blir distribusjon brukt om korleis ei verksemd planlegg, utfører og kontrollerer formidling og transport av produkt til kundane sine. I dag er det meir vanleg å bruke omgrepet logistikk, som også er eit etablert fagfelt på høgskular og universitet.
Distribusjonen fell i to delar: marknadsføring (handel) og fysisk transport.
Marknadsføring er definert som all aktivitet som går ut på å dirigere varer og tenester frå produksjon fram til forbrukarar og brukarar. Distribusjonskanalane kan vere importørar, distributørar, grossistar og detaljistar.
Transport er den fysiske flyttinga av varer.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.