Dativ er i grammatikken ein kasus som typisk blir brukt ved setningsledd som viser til ein mottakar eller den handlinga skjer til fordel for — eventuelt til ulempe for.
I språk med dativ blir denne kasusen brukt ved leddet som tilsvarer mannen i desse norske setningane:
- Mottakar: Ho gav mannen boka.
- Den noko skjer til fordel for: Ho synte mannen boka.
Setningsleddet med dativ er ofte eit indirekte objekt.
Her er dei tilsvarande islandske setningane, med dativforma manninum av substantivet maður 'mann':
- Hún gaf manninum bókina.
- Hún sýndi manninum bókina
På tysk finn vi dativforma dem Mann i dei tilsvarande setningane:
- Sie hat dem Mann das Buch gegeben.
- Sie hat dem Mann das Buch gezeigt.
På latin er hominī dativ av homō 'mann':
- Dedit hominī librum. 'Ho/han (dedit) mannen (hominī) boka (librum)'
- Ostendit hominī librum. 'Ho/han synte (ostendit) mannen boka.
Kommentarar (3)
skreiv Tor-Ivar Krogsæter
Om eg ikkje tek feil, er «dāre» eit verb som tidleg blei utsett for jambeforkorting; det skal då vel vere «dare» med kort stammevokal i infinitiv, skal det ikkje?
svarte Rolf Theil
Hei! Takk for denne interessant merknaden! Eg har tidlegare berre slege opp i «Latinsk ordbok» av Steinnes og Vandvik (Det Norske Samlaget 1965), som eg har i hylla mi, og der det står dāre, men eg skulle òg ha slege opp i «Latinsk grammatikk» av S. Eitrem (nynorsk utgåve), der dette verbet er nemnt i § 42, med infinitiven dăre, i motsetnad til td stāre. Det er òg kort a i «Collins Latin Gem Dictionary», som eg òg har i hylla. Eg har alt endra forma i faktaboksen! Beste helsing, Rolf Theil.
svarte Tor-Ivar Krogsæter
Tusen takk for utførleg svar; det er so godt å «treffe» slike som tek tilbakemeldingar som over so profesjonelt. Eg må for øvrig få rose deg for å, som korrekt er, markere lange vokalar; alt for mange meiner at det ikkje er viktig – som om ikkje dobbelkonsonantar i norsk ikkje er viktige. Steinnes og Vandvik er ein favoritt hjå meg med.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.