Det norske adjektivet berbersk er danna av substantivet berber, som via spansk og fransk kjem av arabisk al-barbar البربر 'berberane'. Al-barbar blei brukt av arabiske geografar i mellomalderen om ikkje-arabiske folkeslag vestanfor og sønnanfor Egypt, men i nyare tid, iallfall sidan 1500-talet har ordet blitt brukt om dei nordafrikanske folka vi kallar berberar.
Det er ulike oppfatningar om opphavet til det arabiske barbar. Det tradisjonelle synet er at det kjem av klassisk gresk bárbaroi βάρβαροι 'barbarar (folk som ikkje snakkar gresk)', fleirtal av bárbaros βάρβαρος 'utanlandsk, ikkje-gresk' eller frå latin barbari, fleirtal av barbarus 'utanlandsk, ikkje-romersk', som er lånt frå gresk.
Ifølgje ein alternativ hypotese er barbar ei omdanning av bavares (med variantane babares og baveres), det latinske namnet på ei berbersk stamme som budde i den romerske provinsen Mauritania Caesariensis (i det noverande Algerie) frå 200-talet til 400-talet etter vår tidsrekning.
Ordet berber blir ikkje brukt som endonym (sjølvnemning) av nokon berberske grupper. I det midtre Marokko brukar ein ord som byggjer på stamma -maziɣ-, som vist i desse døma, der bindestrekane er sette til for å vise den morfologiske strukturen i orda:
-
a-maziɣ 'berbersk mann'
-
i-maziɣ-en 'berberske menn'
-
ta-maziɣ-t 'berbersk kvinne; berbersk språk'
-
ti-maziɣ-in 'berberske kvinner'
Det går att i alle berberske språk at ordet for 'berbersk kvinne' og 'berbersk språk' er det same. I det sørlege Marokko går språket under namnet ta-šlħiy-t 'språket tasjlhit' og i Nord-Marokko, i Rif, heiter det ta-rifiy-t 'det rifiske språket'. I Kabylia heiter det ta-qbayli-t 'det kabyliske språket', med same stamma som i I-qbayli-yen 'Kabylia'. På tamasjek heiter det tă-mašăɣ-t (uttalt [tɑˈmɑːʃɑqː]) med stamma -mašăɣ-, som er etymologisk i slekt med -maziɣ- i ta-maziɣ-t.
Politiske medvitne berberar i Marokko og Algerie har teke i bruk amaziɣ og tamaziɣt som generelle nemningar for 'berber' og 'berbersk språk'. På fransk brukar ein då formene Amazigh (substantiv, eintal og fleirtal) og amazigh / amazigh (adjektiv, hankjønn og hokjønn), på engelsk Amazigh (substantiv og adjektiv) og på arabisk ʔamāzīɣ أمازيغ (substantiv) og ʔamāzīɣī أمازيغي (adjektiv). På norsk kan ein bruke amazigh eller amasig (substantiv) og amazighisk eller amasigisk (adjektiv).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.