Aorist er ei fortidsform av verb som typisk uttrykkjer ei av fleire fullførte handlingar som følgjer etter kvarandre i ei forteljing. Språk som har aorist, brukar denne verbforma der vi på norsk brukar preteritumsformene selde, drog og sløste i desse setningane frå Lukas 15,13 i Det nye testamentet:
- Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin.
Termen aorist blir mest brukt i grammatikkar for eldre indoeuropeiske språk som gresk og sanskrit. Aorist svarer til perfektiv preteritum i moderne lingvistisk terminologi.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.