Afroasiatiske språk er ei gruppe på kring 375 levande språk som blir rekna som ein språkfamilie. Desse språka blir tala av over 300 millionar menneske i Afrika og Midtausten. Det er vanleg å dele familien i seks greiner:
Faktaboks
- Uttale
-
'afro-asiatisk
- Etymologi
-
av latin Āfer 'punisk, afrikansk' og latin Asiāticus 'asiatisk'
- semittiske språk, i Midtausten og det nordlege og nordaustlege Afrika, med mellom anna språka akkadisk, hebraisk, arameisk, arabisk, sørarabisk og fleire språk i Etiopia, mellom anna tigrinja, geez og amharisk;
- egyptisk (utdøydd) med gamalegyptisk (frå faraoisk tid) og koptisk;
- berberspråk i Nord-Afrika, med mellom anna tasjelhijt (sjilha), tamazight og tarifijt (rifisk) i Marokko, taqbajlit (kabylisk) i Algerie, siwi i det vestlege Egypt og tamasjek (tamasjeq) i Mali, Niger og det sørlege Algerie;
- kusjittiske språk, i Sudan, Etiopia og Somalia; med mellom anna oromo og somalisk;
- tsjadspråk sør for Sahara, i Niger, Nigeria, Kamerun, Tsjad og Den sentralafrikanske republikken, med mellom anna hausa;
- omotiske språk, hovudsakleg i det sørlege Etiopia; med mellom anna wolaytta, kafa og aari.
Det er fleire usikre punkt i klassifikasjonen:
- Det er uklart om kusjittiske språk utgjer éi eller fleire greiner av afroasiatisk.
- Statusen til dei omotiske språka er omdiskutert. Somme forskarar meiner dei er kusjittiske. Andre deler afroasiatisk i to hovudgrupper, (i) erytreisk, med undergruppene semittisk, egyptisk, berbersk, kusjittisk tsjadisk, (ii) omotisk. Atter andre meiner at dei omotiske språka ikkje er afroasiatisk i det heile, og at dei utgjer fleire uavhengige språkfamiliar.
- Nokre forskarar har føreslått fleire ekstra greiner, som ongota i Sørvest-Etiopa og laal-laabe og kudsjarge i Sør-Tsjad.
Sjølv om dei kring 375 levande språka blir rekna som ein språkfamilie, er det ikkje bevist at greinene ovanfor i det heile er i slekt med kvarandre. Den afroasiatiske språkfamilien bør reknast som ein hypotese.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.