Ablativ er i grammatikken ein kasus som tyder ‘frå’, i samband med ei rørsle frå ein stad. Latin har ein kasus med namnet ablativ, som tyder 'frå' i uttrykk som dette:
- domō 'frå heimen, heimanfrå'
- Carthagine 'frå Kartago (Carthago)'
Men 'frå (ein stad)' er berre éi av mange tydingar denne latinske kasusen har. Andre tydingar er 'med' (instrument), 'på (ein stad)' og 'enn' (ved samanlikning).
Ablativ finst i fleire uralske språk, mellom anna i dei austersjøfinske språka (mellom anna finsk, kvensk, estisk), sørsamisk og ungarsk, med tydinga 'frå overflata av'.
Kommentarar (1)
skreiv Nils Andersen
Ablativ har overlevd også i albansk.
https://snl.no/albansk :
Ablativ brukes først og fremst i preposisjonsuttrykk som viser adverbialer for tid, sted og årsak, men dette kasuset kan også brukes uten preposisjon: dimrit 'om vinteren', prej dollapit 'ut av skapet', prej zhurmës 'på grunn av bråket'.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.