Krakket vart, gjennom verknaden på den amerikanske økonomien, ein utløysande årsk til den store depresjonen.
Det var om lag berre éin prosent av amerikanarane som eigde aksjar i 1929. Det kraftige fallet i aksjekursane fekk likevel dramatiske følgjar. Finansieringa av næringslivet forsvann nesten fullstendig, og verken investorar eller bedrifter evna lenger å handtere låneforpliktingane sine.
Investeringstrustar hadde dei største tapa. Utanbys bankar tok ut over to milliardar dollar frå Wall Street, medan New York-bankane lånte ut rundt éin milliard dollar for å hindre ei bankkrise. Denne situasjonen fekk store internasjonale ringverknader, ikkje minst som ei følgje av at amerikanske lån til utlandet vart sterkt redusert.
Næringslivet opplevde gjennom depresjonen ei konkursbølgje heilt utanom det vanlege. Folk mista både sparepengar og jobb, og utan velferdsstaten til notida med sjenerøs arbeidsløysetrygd sokk etterspurnaden dramatisk i den amerikanske økonomien. Det forsterka berre den negative utviklinga og førte til endå fleire konkursar og eskalerande arbeidsløyse.
Den store depresjonen var kjenneteikna av massearbeidsløyse. I 1929 var arbeidsløysa 1,5 millionar, i 1930 var ho stige til 3,5 millionar, og i mars 1933 var ho oppe i heile 14,5 millionar. Kvar fjerde amerikanar var då utan arbeid.
Den store depresjonen blir sett på som den viktigaste årsaka til at Franklin D. Roosevelt sigra i presidentvalet i 1932 over sitjande president Herbert Hoover, der Roosevelt gjekk til val med programmet om ein «New Deal».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.