Vilde er kortform av kvinnenamnet Alvilde som kan førast tilbake til det norrøne Alf-hildr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘alv’ og etterleddet ‘strid’.
Vilde (kvinnenamn)
Personar med namnet Vilde
Kulturell bruk
- «Hva Vilde kan» (1966) er eit dikt som André Bjerke skreiv til dottera si.
- Vilde i romanar av Kaj Skagen (1976 og 1978).
- Vilde er hovudpersonen i filmen «Hud» (1986) med Vibeke Løkkeberg.
- Barneboka «Vetle og Vilde i Vetteskogen» (1995) av Ingunn Mosberg.
Kjende personar med namnet Vilde
Eit utval personar med namnet Vilde, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Vilde Frang (1986)
- Vilde Bøe Risa (1995)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Vilde var på topp 1995–1999, og dette var på slutten av topp-perioden for tostava namn på -e (1955–1999). Døme på namn som var mye brukte innanfor denne perioden er Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tone, Tonje, Tove, Trude og Wencke.
Utvikling i bruk av namnet Vilde frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.