Vetle Lid Larssen er ein norsk forfattar og journalist. Han debuterte med intervjuboka Mannfolk i 1989, og har seinare utmerkt seg med ei rekkje gode portrettintervju, mellom anna i Morgenbladet og Aftenposten. I 1990 gav Larssen ut romanen 2. Romanen er ei oppvekstskildring og eit oppgjer med 68-generasjonen, oger både desperat og vemodig på same tid.
I engelens munn (1992) er ein hardkokt roman frå eit urbant miljø som handlar om å vinne tilbake trua på den store kjærleiken. I Kjærlighet før øya synker (1996) legg Larssen seg tett på forma til fabelen. Himmeltårnet, ein morosam og sår roman, kom ut i 1999. Norske helter (2007) er både ein thriller og ein svart komedie, der forfattaren tek eit oppgjer med norsk helsevesen.
Larssen har òg skrive skodespelet Kongen (2006) og essaysamlinga Anti-sex (1998). I 2015 kom sjølvbiografien Hvordan elske en far – og overleve. Larssen fekk Gullpennen i 1991.
Larssen er son av Lars Andreas Larssen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.