Vesturbyggð er ein kommune på Island, landets vestlegaste. Kommunen omfattar den sørlege delen av Vestfjordane, mellom Breiðafjörður og Arnarfjörður. Administrasjonssentrum er Patreksfjörður.
Lengst ute på halvøya ligg Látrabjarg med Islands vestlegaste punkt, Bjargtangar. Bjargtangar fyrtårn blei bygd i 1913 og er rekna for å vere det byggverket som ligg lengst vest i Europa. Látrabjarg er Europas største fuglefjell, 14 kilometer langt og opptil 440 meter på det høgaste. Utanfor Bjargtangar ligg havstykket Látraröst med farlege straumar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.