Vestfjordane er namnet på den nordvestre delen av Island, det vil seie landet mellom Breiðafjörður og Húnaflói. Vestfjordane er ein administrativ region med sete i Ísafjörður.
Vestfjordane er ein tynt folkesett utkant på Island. Med eit innbyggartal på 7200 (2022) og eit areal på 9500 km2 er dette landets tynnast busette region. Området har over lang tid vore prega av fråflytting. I 1920 budde 15 prosent av landets befolkning i Vestfjordane, og i 2022 er andelen under to prosent.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.