Varden er ei norsk lokalavis som kjem ut i Skien, på papir alle kvardagar, og som dagleg oppdatert nettavis. Varden dekkjer Telemark fylke.
Avisa er eigd av Polaris Media Sør AS. Varden konkurrerte lenge med Telemarksavisa om å vere størst i Skien.
Varden er ei norsk lokalavis som kjem ut i Skien, på papir alle kvardagar, og som dagleg oppdatert nettavis. Varden dekkjer Telemark fylke.
Avisa er eigd av Polaris Media Sør AS. Varden konkurrerte lenge med Telemarksavisa om å vere størst i Skien.
Varden byrja å lage nettavis i 1997. Avisa kan lesast på dei ulike digitale flatene, og produserer fleire podkastar om idrett og nyheiter.
Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 36 222 i fjerde kvartal 2024, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Overtollbetjent Johan Christian Tandberg Castberg (1827–1899) var redaktør i Varden frå starten til 1884. I perioden 1877–1882 sat han på Stortinget, vald inn frå Skien, og igjen frå 1886 til 1888, som representant for Venstre frå same byen. Castberg høyrde til den radikale fløyen då partiet vart kløyvd i 1888. Radikalismen gjekk i arv til sonen, statsråd Johan Castberg, og prega avisa i lengre tid.
I valet mellom kongedøme og republikk i 1905 var Vardens redaksjonelle line glasklar: «Vore erfaringer af Kongedømmet er ikke gode; ti vi er foraadt baade af svenske og danske Prinser. Og Kongedømmet er i sig selv en Institution som al sund Fornuft gjør Indsigelsemod.»
Medan resten av fylka i Norge røysta for kongedøme, gjekk republikanarane i Telemark (Bratsberg Amt) av med sigeren. Kjente republikanarar som Viggo Ullmann og Halvdan Koht var med og farga avisens profil og standpunkt i striden.
Då Varden begynte å kome ut i desember 1874, skilde denne avisa seg radikalt frå dei andre avisene i fylket. Medan dei andre avisene var resultat av enkeltpersonar sine synspunkt og økonomiske interesser som reine boktrykkjarprosjekt, blei Varden stifta for å gi ei stemme til den aukande politiske og sosiale folkereisinga som fekk si organisatoriske tilknyting til Venstre.
Varden engasjerte seg raskt med til dels skarpe redaksjonelle synspunkt, mellom anna som forsvarar av allmenn røysterett. Lokalt støtta avisa sterkt utbygginga av Vestfoldbana og var tindrande klar i si støtte til arbeidarbefolkninga i bydelen Bakken i Skien, som stadig fekk flaumproblem etter oppdemming av Hjellevatnet.
Under valet mellom monarki og republikk i 1905 var den redaksjonelle linja til Varden glasklar: «Vore erfaringer af Kongedømmet er ikke gode; ti vi er foraadt baade af svenske og danske Prinser. Og Kongedømmet er i sig selv en Institution som al sund Fornuft gjør Indsigelse mod.» Medan resten av fylka i Noreg røysta for monarki, gjekk republikanarane av med sigeren i Telemark (dåverande Bratsberg amt). Varden kunne nok ta ein god del av æra for det.
Bortsett frå under andre verdskrigen, då avisa hadde ein redaktør innsett av NS, var Varden ei rein partiavis for Venstre fram til 1953. Men då partiet støtta dei såkalla «thagaardske prislover» om staten som regulerande instans for prisfastsetjingar, var denne «tvangslova» i så sterk strid med dei liberale tradisjonane i avisa at Varden gjekk over til å støtte Høgre. I alle år fram til tidleg på 1990-talet, då banda mellom parti og presse jamt over var blitt kutta over heile Noreg, hadde Varden ein klår Høgre-profiI.
I 1954 kjøpte Varden forlagsretten til Fylkesavisen, som og var ei Høgre-avis, og Rjukan Dagblad i 1967.
På denne tida hadde Varden fått ein solid hovudkonkurrent. Telemark Arbeiderblad (TA) var i sterk vekst, og i slutten av 1970-åra var avisa den største i fylket. TA heldt på forspranget fram til 1988. Då erobra Varden hegemoniet tilbake.
I tida etter århundreskiftet har konkurrenten etter kvart fått eit merkbart overtak når det gjeld opplagstal.
Varden var styrt av lokale interesser fram til 1994. Då selde redaktør Bjørn Jacobsen og andre familiemedlemer aksjepostane sine til Orkla Media. Varden blei seld vidare til Edda Media i 2006. Då Edda Media blei kjøpt opp av A-pressa i 2012, risikerte ein at det nye konsernet Amedia skulle bli sitjande med begge avisene i Skien, i strid med eigarskapslovgivinga. Resultatet blei at Agderposten i Arendal overtok Varden. Etter kvart gjekk Polaris Media ASA inn som deleigar, med 51 prosent, saman med Agderposten Medier AS, med 49 prosent. Frå 2023 er Polaris Media Sør AS eineeigar.
1986 | 27429 |
---|---|
1988 | 28180 |
1990 | 29567 |
1991 | 31144 |
1992 | 33298 |
1993 | 33973 |
1994 | 33833 |
1995 | 33176 |
1996 | 32878 |
1997 | 32986 |
1998 | 32438 |
1999 | 32112 |
2000 | 31389 |
2001 | 30663 |
2002 | 30670 |
2003 | 30695 |
2004 | 29518 |
2005 | 28799 |
2006 | 27856 |
2007 | 27341 |
2008 | 26091 |
2009 | 25474 |
2010 | 24730 |
2011 | 23723 |
2012 | 22465 |
2013 | 21476 |
2014 | 20237 |
2015 | 19436 |
2016 | 18452 |
2017 | 18687 |
2018 | 19577 |
2019 | 18857 |
2020 | 18497 |
2021 | 16814 |
2022 | 17199 |
2023 | 16465 |
2024 | 15122 |
År | Opplag |
---|---|
1920 | 12 000 |
1932 | 12 000 |
1950 | 15 704 |
1959 | 19 617 |
1979 | 24 175 |
1993 | 33 973 |
2008 | 26 091 |
2015 | 19 033 |
2020 | 18 497 |
2021 | 16 814 |
2022 | 17 199 |
2023 | 16 465 |
2024 | 15 122 |
Opplagstala til og med 2015 gjeld berre papirutgåva. Frå 2020 vert det nytta netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.