Valdres folkehøgskule er ein kristeleg folkehøgskule på Leira i Nord-Aurdal i Oppland. Skulen er eigd av Norges KFUK-KFUM og tar årleg imot vel 100 elevar. I 2015 tilbyr skulen ni linjer, dei fleste med fokus på vinteraktivitetar og friluftsliv.
Valdres folkehøgskule vart skipa i 1899 av Ola Eiriksson Bø. Skulen opna 2. oktober 1899 i Vestre Slidre, og flytte i 1906 til garden Øvre Nes på Fagernes. I 1911 flytte skulen til Leira, der skuletunet er i dag.
I 1929 kom familien Asheim inn som eigarar av Valdres folkehøgskule. I 2012 vart skulen seld til Norges KFUK-KFUM.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.