Valborg er eit kvinnenamn som kjem av gammalhøgtysk Wal-burg der forleddet tyder ‘velde, makt’ og etterleddet ‘berging’.
Valborg (kvinnenamn)
Personar med namnet Valborg
Kulturell bruk
- Valborg er ei heltinne i tragedien «Axel og Valborg» (1810) av Adam Oehlenschläger.
Kjende personar med namnet Valborg
Eit utval personar med namnet Valborg, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Valborg (helgen) (710–779)
- Valborg Platou (1839–1928)
- Valborg Lerche (1873–1931)
- Valborg Frøysnes (1977)
Namnestatistikk
I 2022 var det 407 kvinner i Noreg som hadde Valborg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Valborg er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen (på grunn av Oehlenschlägers skodespel «Axel og Valborg»). Nasjonalromantikken fekk tidlegare gjennomslag i Danmark enn i Noreg, og Valborg fekk eit oppsving noko tidlegare (1835–39) enn dei fleste andre namna som høyrer til den nordiske namnerenessansen.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Valborg og Walborg var mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Valborg fyrst innpass i byen.
Valborg og Walborg var mest brukt i Kristiania og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Valbor.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Valborg fyrst innpass i byen.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Alver, Brynjulf 1981: [Dag og merke. Folkeleg tidsrekning og merkedagstradisjon]. 2. utg. Oslo–Bergen–Tromsø.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.