Også novellane ho publiserte i 1930-åra har preg av sjølvopplevde hendingar, til dømes i ein form for reisebrev eller dagbokaktige skisser.
Bildhuggarens dotter (1968) var Janssons første bok skriven eksplisitt for eit vakse publikum. Det er ein indre sjølvbiografi av minne frå barnets synsvinkel. Den ytre, faktiske biografien er utelaten, men Jansson kunne rekne med at lesarane kjente til denne frå før.
Sommarboken (1972) skildrar samspelet mellom ei aldrande kvinne og barnebarnet Sophia på deira eiga sumarferieøy. Boka består av 22 frittståande kapittel, og tematiserer samspelet og kontrasten mellom den unge på veg inn i livet og den gamle på veg ut av tida. Boka kan lesast både som en vanleg roman, som eit minne om mora Signe (1882–1970) og samspelet mellom henne og Janssons brordotter Sophia (fødd 1962), og som ei slags vidareføring av Mummiuniverset. Livskjensla og skjergardslandskapet som ein møter her, har likskapar med Mummidalen.
I novellesamlinga Dockskåpet (1978) er det på same vis mange spor av Jansson og familien hennar i tekstene. Eit portrett av faren, ein dramatisert rapport frå bygginga av det dukkehusaktige Mummihuset, og ei skildring av det strevsame livet som teikneserieskapar. Sårast er «Den stora resan», ei skildring av tilhøvet mellom to kvinner, og begges vanskelege tilhøve til eg-personens mor.
Romanen Den ärliga bedragaren (1982) er eit kammerspel mellom to kvinner i eit bygdemiljø. Boka kan lesast som ein karikatur av to ulike sider ved Jansson sjølv; den upraktiske kunstnaren Anna og den strengt forretningsmessige Katri.
Også romanen Rent spel (1989) blir lesen som ei sjølvbiografisk bok, der forfattaren Mari og grafikaren Jonna skal sameine kunst, kjærleik, samliv og sjalusi.
Jansson har ògg skrive songtekstar, med «Höstvisa» (1965) som den mest kjende. Songboka Visor från Mumindalen kom ut i 1993, med melodiar av Erna Tauro.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.