Tormod Vågen var ein norsk teolog og misjonær som gav ut ei rekkje bøker. Han var generalsekretær i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) i 34 år. Vågen hadde eit lågkyrkjeleg grunnsyn og la vekt på at misjonsorganisasjonane og lekmennene måtte arbeide fritt i forhold til embetsstrukturen til kyrkja.
Tormod Vågen
Faktaboks
- Fødd
- 12. september 1903, Uskedalen i Kvinnherad, Hordaland
- Død
- 3. april 1970, Oslo
- Verke
- Teolog og misjonsleiar
- Familie
-
Foreldre: Formann Ole Vågen (1874–1947) og Brita Myklebust (1879–1949).
Gift 30.7.1932 i Flekkefjord med sjukepleiar og misjonær Arna Kristina Espeland (12.5.1905–), dotter til stasjonsmeister Aasmund Espeland (1881–1963) og Mari Olsdotter (1885–1964).
Bakgrunn
Vågen voks opp i Uskedalen i Kvinnherad med foreldre som var aktivt med i det kristne arbeidet i bygda. 14 år gamal vart han sjølv ein vakt kristen. Hausten 1920 vart han elev ved Framnes Ungdomsskule i Kvam i Hardanger.
Året etter vart han opptatt ved Fjellhaug misjonsskule ved Kristiania, som Det norske lutherske Kinamisjonsforbund (frå 1950 Norsk Luthersk Misjonssamband) dreiv. I 1925 tok han lærarskuleeksamen. Etter at han var ferdig på misjonsskulen våren 1926, las han til examen artium på latinlina på eitt år, og i 1931 tok han teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet.
Misjon
I 1936 overtok Vågen som generalsekretær i Kinamisjonsforbundet. På få år etablerte NLM nytt misjonsarbeid i Etiopia (1948), Hong Kong (1949), Japan (1949), Tanganyika (Tanzania) (1950) og Taiwan (1952), etter at Kina vart stengt for kristen misjon omkring 1950. Både utfasinga av arbeidet i Kina og etableringa av dei nye misjonsfelta sette store krav til generalsekretæren. Også NLMs arbeid i Noreg vokste sterkt i etterkrigstida. I tillegg til den store forkynnarverksemda NLM dreiv rundt i bedehusa, kom reising av leirstader og nye skular.
Forfattarskap
Vågen skreiv rundt 15 bøker, mellom anna andaktsbøker, oppbyggelege bøker, misjonsbøker og teologiske bøker. Her skal berre nemnast andaktsboka I Kongens nærleik, Når øst og vest møtes, Ved kjelda, Hans fotspor gjennom Israels land og hans Fortolkning til Lukas-evangeliet. Vågen skreiv i tillegg til bøkene mange artiklar om kyrkjelege emne i forskjellige blad og tidsskrift.
Andre verv
Vågen fekk mange tillitsverv. I 1938 var han utsending for Norsk Misjonsråd til Internasjonalt Misjonsråds misjonskonferanse i Tambaram, India. Under den andre verdskrigen vart han medlem av Den Midlertidige Kirkeledelse etter arrestasjonen av Ludvig Hope. Han var medlem i Direktoratet for Norsk Utviklingshjelp, av styret for Indiafondet, av styret for Vårt land og i fleire andre styre og råd.
Grunnsyn
Vågen hadde eit lågkyrkjeleg grunnsyn med vektlegging på det allmenne prestedømet og nådegåvene. Han la vekt på at misjonsorganisasjonane og lekfolket måtte arbeide fritt i høve til kyrkja sin embetsstruktur, men ville gjerne halde på folke- og statskyrkjeskipnaden. Den hadde etter hans meining mykje å seie for oppsedinga og for å nå flest mogeleg menneske med kristen forkynning.
Utgjevingar i utval
- Barnekårs ånd, Bergen 1932
- I livets vår (bokmål og nynorsk), Bergen 1933
- I Kongens nærhet gjennom Det nye testamentet (bokmål og nynorsk), Bergen 1936
- Når øst og vest møtes, 1939
- Syt ikkje, men bed og ten, Bergen 1940
- Dåpen, Misjonskurset brev 19, 1944
- Kallet frå Etiopia, 1948
- Sol på skyggesiden, Bergen 1952
- Ved kjelda, Bergen 1954
- Hans fotspor gjennom Israels land, Bergen 1956 (svensk utg. Hässleholm 1957)
- Afrika – hvorhen?, Bergen 1960
- Ropet frå Asia, Bergen 1961
- Langs livsens veg, Bergen 1963
- Brevet til menigheten i Filippi. En innledning, fortolkning og studieplan, 1965
- Sol og solflekker i sollandet, Bergen 1965
- Fortolkning til Lukas-evangeliet, 1969
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Hvem er hvem 1968
- H. Mæhlum (red.): Tormod Vågen. Minneord og taler, Bergen 1970
- A. Aarflot: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 17, 1975
- E. Kjebekk: Verden for Kristus, 1991
- J. Tungland: Tormod Vågen på kallets veg, 1994
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.