Tingvoll er ein kommune i Møre og Romsdal fylke. Tingvoll ligg søraust for Kristiansund på Nordmøre. Kommunen består av den langstrekte halvøya mellom Halsafjorden/Trongfjorden i aust og Tingvollfjorden i vest, og dessutan av Aspøya ved munningen av Tingvollfjorden.
Tingvoll blei oppretta som kommune 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret. Frå kommunen blei Øre og Straumsnes skilde ut som eigne kommunar i høvesvis 1855 og 1866. I 1964 blei Straumsnes igjen ein del av Tingvoll, og samstundes blei den vestre delen av Aspøya overført frå Frei. Dei noverande grensene sine fekk Tingvoll 1965, då området Sandneset-Åsprong ved Ålvundfjorden blei skilt ut frå dåverande Stangvik kommune og lagt til Tingvoll, samstundes som Tingvoll sine område på vestsida av Tingvollfjorden blei overførte til Gjemnes.
Tingvoll grensar mot Sunndal inst på Tingvollhalvøya i søraust. Elles går grensene i sjøen: Tingvollfjorden og Freifjorden i vest, Årsundfjorden i nord og Halsafjorden/Trongfjorden i aust.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.