Tafjord er ei bygd inst i Tafjorden i Fjord kommune i Møre og Romsdal. Tafjorden er den inste delen av Norddalsfjorden, som igjen er ein av dei indre armane av Storfjorden.
Tafjorden er rundt elleve kilometer lang frå fjordbotnen og ut til Honeset. Fjorden er omgitt av høge, bratte fjell på begge sider, på sørsida 900–1100 meter over havet i den ytre delen og vel 1400 meter over havet i den indre. Høgast er fjella på nordsida, der Muldalsegga i fjellmassivet Trollkyrkja ved den indre delen av fjorden når 1766 meter over havet.
Det er busetjing berre i Fjørå på nordsida av Tafjorden, like innanfor Honeset, og i bygda Tafjord ved fjordbotnen. Dei to tettgrendene har høvesvis 151 og 90 innbyggjarar (2019). Det går fylkesveg langs nordsida av fjorden frå det tidlegare kommunesenteret Sylte via Fjørå til bygda Tafjord, denne går for det meste i tunnel.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.